Lokal | 15. jan. 2017

Mykje bruk av brukthallen

På to og ein halv månad har over hundre personar fått med seg brukbare ting frå brukthallen til BIR i Kolskogen.

Mykje bruk av brukthallen
Stasjonssjef Fredrik Egenæs med ei typisk vare i brukthallen hos BIR; trimutstyr. (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 15. jan. 2017 08:06

Bildeserie:

Servise er òg typisk vare å finna i brukthyllene. (Foto: Andris Hamre)
Servise er òg typisk vare å finna i brukthyllene. (Foto: Andris Hamre)
Ein og annan «skatt» dukkar òg opp. (Foto: Andris Hamre)
Ein og annan «skatt» dukkar òg opp. (Foto: Andris Hamre)
Det er gratis å forsyna seg i brukthallen i Kolskogen, noko fleire nyttar seg av. (Foto: Andris Hamre)
Det er gratis å forsyna seg i brukthallen i Kolskogen, noko fleire nyttar seg av. (Foto: Andris Hamre)
1 av 3
Servise er òg typisk vare å finna i brukthyllene. (Foto: Andris Hamre)
Ein og annan «skatt» dukkar òg opp. (Foto: Andris Hamre)
Det er gratis å forsyna seg i brukthallen i Kolskogen, noko fleire nyttar seg av. (Foto: Andris Hamre)

31. oktober i fjor opna BIR ein brukthall på gjenvinningsstasjonen i Kolskogen.

– Vi registrerer ikkje alle som er innom hallen, mange er der samstundes med at dei skal kasta anna type boss, men vi registrerer dei som kjem her berre for å besøka hallen, forklarer stasjonssjef Fredrik Egenæs.

– I løpet av dei to og ein halv første månadane har 138 besøkt anlegget i Kolskogen og fått med seg brukbare ting frå brukthallen, supplerer kommunikasjonsrådgjevar i BIR, Tina Skudal.

Servise, møblar og trimutstyr

Egenæs fortel at det varierer kva som blir sett inn og utstilt i hallen.

– Det kan vera mykje forskjellig som den som skal kvitta seg med det meiner er for bra til å bli kasta, og som dei tenker andre kan ha glede av. Nett i dag er det ikkje så mykje der, men det varierar. Nokre dagar er det veldig fylt der, andre dager meir ribba.

– Er det nokre varegrupper som går igjen?

– Servise, bøker, stolar og faktisk ein del trimutstyr kjem det inn ein del av. Om det er noko som blir ståande i vekesvis, så ryddar vi det vekk.

– Ein slik ting er gjerne ein gamal TV, som er brukbar, men som kanskje ikkje har heilt dei kvalitetane som vi ventar oss i dag, og som ikkje har alle dei tilkoblingane folk treng, seier Egenæs.

Studentar og utleigarar

Å setja frå seg ting i brukthallen er som å kasta, det kostar pengar. Men det er gratis å forsyna seg, om du finn noko du liker. (Vi skreiv først at også det å setja frå seg er gratis, men det var feil.)

– Kven er det som bruker brukthallen?

– I høve dei som forsyner seg der, så er det nok gjerne studenter som treng noko til hybelen sin, men også folk som skal innreia ei utleieleilegheit er blant dei som har vore innom.

Rekordbesøk - igjen

Det er ikkje berre brukthallen som er populær.

– Igjen set stasjonen i Kolskogen besøksrekord. Frå 2014 til 2015 var det ein vekst på rekordhøge 16,25 %. Med så høg vekst plar det å flata ut, men ikkje på Os.

– Frå 2015 til 2016 har veksten vore heile 9,81 % med 34.222 kundar innom, fortel Skudal, som reknar med at dei i 2017 vil passera 35.000 kundar.

– Det vi ser er at folk er oftare innom, men at dei i snitt kastar mindra kvar gong dei er her, avsluttar Skudal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.