Mykje fest – få problem
Seks personar måtte overnatta i arresten, alle seks blei henta inn frå Bergen sentrum.


Søndag morgon, som laurdag, kan Vest politidistrikt informera om få problem.
– Det var auka aktivitet laurdag kveld. I tillegg til Countryfestivalen i Breim og Tysnesfest var mange ute for å sjå kvartfinalen mellom Norge og England, seier operasjonsleiar Morten Rebnord.
Politiet har hatt eit synleg nærvær gjennom kvelden og natta.
– Det var ingen større og alvorleg hendingar, men politiet har handtert svært mange oppdrag knytte til ordensforstyrringar og rus.
Totalt er seks menn innsette i drukkenskapsarrest mellom klokka 23 og 05.30.
– Alle desse var involverte i forhold som fann stad i Bergen. Det er ikkje registrert hendingar knytte til Countryfestivalen på Breim eller Tysnesfest.
Lokalt politi stadfestar inntrykket.
– Vi har ikkje noko å melda frå Os, seier vakthavande ved politistasjonen på Moberg.
I Os var over 800 samla i Vognhallen for å sjå kvartfinale. På Ilya var det, for første gong, skjenking til klokka 06 grunna vising også av kvartfinalen mellom Argentina og Sveits.
Men festinga i Os skal altså ha gått fint for seg.