Lokal | 26. des. 2019

Mykje folk - lite bråk

Mange vaktar og synleg politi kan ha gjort sitt til at første juledag gjekk fredeleg for seg.

Mykje folk - lite bråk
Politiet patruljerte med bil og til fots i sentrum i går, og folk oppførte seg fint. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. des. 2019 09:59

Politiet fann nesten ingeting å reagera på då dei patruljerte Os sentrum på det som er ein av dei mest livlege kveldane i året.

– Det skal ha vore fullt hus på Catten og mykje folk også på Liens og Baronessen. Også nattopen 7 Eleven og nattopen Esso hadde godt besøk, les operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen frå loggen.

– Men Catten hadde heile 15 vaktar på jobb, i tillegg prioriterte politiet på Os å vera synleg i gatebildet. Nokre typiske bråkmakarar blei visst observert, men det var verken tillaup til slåsting eller folk som måtte visast vekk frå sentrum.

Det einaste politiet fann å setja fingeren på, var ein mann som drakk øl på offentleg stad.

– Det er notert at vedkomande var høfleg og audmjuk, og at han slapp unna med ei åtvaring.

Denne åtvaringa var ein julepresang verdt rundt 4000 kroner.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.