Lokal | 31. mai 2010

Mykje nise å sjå

Vil du på lokal kvalsafari er tida rett til å kasta seg i båten.

Mykje nise å sjå
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. mai 2010 09:16

Det er observert mykje niser i fjordane rundt Os dei siste dagane.

Torsdag, då Midtsiden.no var på veg til Lysøen for å møta dronninga, fekk vi ei nise framfor baugen. Denne kom dessverre ikkje opp igjen for fotografering før underteikna måtte kjøra vidare for å rekka oppdraget.

Laurdag og sundag fekk vi meldingar om fleire observasjonar, også desse utan bildedokumentasjon.

Nokre er sett mellom Søre Øyane og Reksteren, andre har gjort store observasjonar i Lysefjorden.

- Eg var på båttur frå Os forbi Øyane til Lysefjorden i dag. Cirka 1 km frå Lysøen, i 11.30-tida, møtte eg ein flokk på 15-20 niser, fortel ein Midtsiden-lesar.

Om nise
• Nise (Phocoena phocoena), eller vanleg nise og hamne-nise, som den også blir kalla, er er den minste av alle tannkvalane.
• Vanleg nise høyrer til nisefamilien og er ein av tre kjente artar i slekta med vanlege niser (Phocoena).
• Vanleg nise kan bli opptil to meter lang (det normale er 1,4-1,7 meter, avhengig av kjønn) og har ein kort og kompakt, strømlinjeforma kroppsbygning med et «stumpt» nebb.
• Hoa blir størst og veg opp mot 76 kg, medan hannane gjerne veg opp til cirka 61 kg. Nisen er svart på ryggen, men fargen går over til grå langs sidene. Buken er kvit.
• Namnet «nise» stammar fra norrønt språk, etter den nyse- eller snøfteliknende lyden den lagar når den trekk luft.
• Vanleg nise er freda i Noreg.

Kjelde: Wikipedia

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.