Myten om den aktive nordmannen

Berre 20 prosent av vaksne nordmenn er aktive i 30 minutt per dag.

Torill Bakke. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 04. mars 2018 22:01

Fysioterapeut og personleg trenar (PT) Torill Bakke er fast Midtsiden-spaltist, og kjem i starten på kvar månad med gode råd innan trening og ernæring.

• Førre innlegg: Det sit i hovudet

At nordmenn er fødd med ski på beina er eit velkjent fenomen. Vi ser gjerne på oss sjølv som eit særs aktivt folkeslag som nyttar einkvar anledning til å vera i fysisk aktivitet. Ein tur i skog og mark er obligatorisk kvar helg. Er då realiteten like bra som mytene?

Helsedirektoratet anbefaler alle vaksne å vera aktive i minimum 30 minutter dagleg. For barn og unge er det ein time dagleg aktivitet som gjeld.

Intensiteten i dei 30 minutta er moderat aktivitet som gjerne gjer deg litt varm på ryggen, men ikkje noko meir krevjande enn det. Desse 30 minutta kan delast opp i til dømes tre bolkar på 10 minutt gjennom dagen og meir aktivitet utover desse 30 minutta vil betra helsa ytterlegare. 30 aktive minutt i løpet av ein dag, klarer du å få det til?

Kor aktive er dagens nordmenn?

91 % av alle norske gutar på 9 år er aktive 1 time for dagen. For jentene er det 75 % som fyller dette kravet. Berre halvparten av alle 15-åringar er fysisk aktive ein time dagleg, og for den vaksne folkesetnaden er det berre 20 prosent av oss om er fysisk aktive i 30 minutt dagleg.

Heile 4 av 5 av oss er for lite aktive.

37 % av oss er overvektige og 12 % av oss er i kategorien for fedme. Det kan vera ulike grunnar til dette, men å vera fysisk aktiv vil uansett vera bra.

Ein fulltidsjobb å halda seg i ro

Som nemnt i ein tidlegare artikkel er det betre helse i å ha nokre kilo ekstra og samtidig vera i fysisk god form, kontra å vera normalvektig og ikkje vera fysisk aktiv. Det er faktisk sånn at det stillesitjande livet vi lever øydelegg meir enn moderne medisin kan reparera.

Stillesittande arbeid framfor PC og auka bilbruk er blant dei viktigaste faktorane til at vi er mindre fysisk aktive.

15 år gamle gutar sit i snitt 44 timar på PC, eller og ser på TV kvar veke. Det tilsvarer ein fulltidsjobb med litt overtid.

Norske barn er faktisk blant dei europeiske landa som har minst garantert tid til kroppsøving i skulen kvar veke.

Liten innsats kan ha høg verdi

Det er absolutt ikkje slik at fysisk aktivitet forebygger einkvar sjukdom og plage, men det er godt dokumentert at uthaldenheitstrening er viktig for å forebygga til dømes hjarte- og karsjukdommar, ulike former for kreft og diabetes type 2.

Her kan det også vera greit å merka seg at det vi nordmenn døyr mest av er hjarte- og karsjukdommer, medan kreft ligg på ein god andreplass. Å gjera ein regelmessig liten sveitt innsats kan ha høg verdi.

Mister musklar kvart år

I tillegg til å trena uthaldenheita di er det også viktig å trena opp styrken. Både med tanke på å auka styrken, eller for å vedlikehalda dersom det er det som er mest aktuelt.

Det er nemlig slik at frå vi er ca i 30 åra vert muskelmassen vår redusert årleg. Med mindre vi trener styrke.

Trening av styrke (med vektbelastning) og balanse kan redusera risiko for beinskjørheit og brudd. I tillegg auker styrketrening mobiliteten og funksjonen vår.

Igjen, så er alt alltid betre enn ingenting. For ein som har vore inaktiv lenge vil all aktivitet vera positiv. Det er heller aldri for seint å byrja!

Skapt for rørsle

Små forandringar gjer store forbetringar som større overskot, auka velvære, redusert risiko for livsstilssjukdommar, styrka immunforsvar, betre søvn, meir langsom aldring og betre funksjon, betre evne til å mestra stress og auka arbeidskapasitet.

At det er ein stor helserisiko å vera inaktiv er dei fleste av oss klar over.

Sørg for at du er godt innafor blant dei 20 % som er regelmessig fysisk aktiv. Kroppen vår er skapt for rørsle og det er faktisk ikkje så mykje som skal til for å gi eit veldig positivt bidrag til di eiga helse.

Lykke til!

Torill Bakke
Fysioterapeut, personleg trenar og kosthaldsvegleiar
@torillbakke

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.