Lokal | 16. okt. 2019

Nabo høyrde skrik, politiet fann skadd kvinne

På dagtid fekk politiet melding om tjuveri frå ei kvinne, på kvelden blei ein mann arrestert, mistenkt for vald mot ei anna kvinne.

Nabo høyrde skrik, politiet fann skadd kvinne
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. okt. 2019 07:17

Tysdag klokka 20.40 fekk politiet melding frå ein som høyrde skrik frå naboen sitt husvære.

– Vi rykte ut og fann ei skadd kvinne. Ein mann som var på staden blei tatt med til arresten, mistenkt for vald, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Kvinna og mannen har ikkje same adresse.

Tjuveri på kafé

Ei kvinne som var på kafé i Os midt på dagen i går, har meldt lommeboka stolen.

– Ungen hennar stakk av mens ho betalte rekninga, så ho sprang etter, men la frå seg lommeboka på disken.

Dette var rundt klokka 15 i går.

– Ho kom tilbake kort tid etter, då var lommeboka vekke.

Kvinna lurer på om to unge jenter som betalte etterpå, kan ha tatt lommeboka, eller tatt vare på den. Ho håper uansett at nokon leverer lommeboka tilbake, og har meldt forholdet til politiet.

Biten avhund

Politiet blei i går kontakta av ei kvinne som fortalte at ho hadde blitt biten avein hund.

– Dette var ei ettermelding, det skal ha skjedd for ei tid tilbake. Ho ville ikkje melda forholdet, men ho ville at politiet skulle veta det, oggav oss namnet på hundeeigar.

Forholdet er òg varsla Mattilsynet.

Brann i motorsykkel

Klokka 18.30 tysdag kveld rykte politi, ambulanse og brannvesen ut til Bjørnen på melding om brann i motorsykkel.

– Vitne skal ha sett ein mann som jobba med å få start på motorsykkelen, og då han fekk start på den blei sykkelen ståande å gå på tomgang litt mens eigar gjekk inn i bustaden.

Så tok den fyr.

– Ingen blei alvorleg skadd, men ein mann blei kontrollert for røykskader på staden. Det skal ha blitt litt varmt på eine ytterveggen på bustaden, men brannvesenet hadde kontroll.

Skadeverk minst to plassar

Politiet fekk i går melding om at nokon hadde kasta dopapir på ein bustad og knust ei blomsterpotte på Halhjem.

Midtsiden kjenner til at innhaldet i nokre blomsterpotter i Varåsen og Idrettsvegen blei spreidde utover bilvegen.

Lytta seg fram til feil på lastebil

Onsdag morgon klokka 07.28 fekk politiet melding om ulydar frå ein lastebil på veg ned til Halhjem ferjekai.

Statens vegvesen rykte ut og sjekka bilen, som fekk køyreforbod grunna dårlege bremsar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.