Lokal | 09. mars 2012

Nabotvist og hjortepåkjørsel

Ein bilist blei overraska av hjort på Ulvensletta, ein nabo blei overraska av kampestein i gata utanfor huset.

Nabotvist og hjortepåkjørsel
 Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. mars 2012 11:24

Det siste døgnet har det vore ulike formar for hindringar i vegbanen:

• I 20-tida torsdag fekk politiet melding om potteskår på Halhjemsvegen ved Haugland. Politiet sørgja for at dette blei rydda vekk.

• Torsdag kom det også melding om stor stein i vegbanen i eit nabolag langs Lepsøyvegen.

– Det handla visst om ein tvist mellom naboar. Steinen låg i ein privat veg og dette ikkje ei politisak, i alle fall ikkje enno, seier lensmann Rasmus Dalen.

• Klokka 07.38 fredag morgon kom melding om påkjørt hjort på Ulvensletta.

– Påkjørsla skjedde i dumpen mellom avkjørsla til Lysekloster og flystripa. Hjorten sprang frå staden og ettersøkspersonar har ikkje funne spor etter den, fortel viltkontakt Espen Andersen, som sjølv ikkje var med på søket i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.