Sport | 15. aug. 2019

Nær siger over A-laget til Brann

Lysekloster imponerte i treningskamp.

Nær siger over A-laget til Brann
Even Vetås då han i fjor sikra sigeren over Brann 2. Mot Brann på måndagvar det Joachim Westrheim og Simen Næss som gavLysekloster leiinga kvar sin gong. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. aug. 2019 07:11

Treningskamp:
Brann - Lysekloster 3-2 (0-1)
Målskårarar, begge lag: Joachim Westrheim (0-1), Gilbert Koomson (1-1), Simen Næss (1-2, Kristoffer Barmen (2-2) og Vito Wormgoor (3-2).

– Sjølv om det er treningskamp er det bittert å tapa når du leiar 2-1 tre minutt før slutt, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

Utlikninga til Barmen i 87. minutt skapte dessutan sterke protestar frå Lysekloster-spelar Szymon Walczak, som meinte Barmen tok imot ballen med begge nevar, som ein volleyballspelar. Protestane på det han meiner var soleklar hands var så kraftige at han fekk raudt kort.

På overtid sikra Brann sigeren.

– No har du fått svar

Kampen blei spelt på Brann Stadion måndag.

– Eg er glad vi blei invitert til å spela denne kampen, og svært nøgd med måten vi framsto på. Brann prøvde å pressa oss høgt, men vi spelte av presset deira, og vi skapte ein god del sjansar.

– Eg seier ikkje at vi burde ha leia med meir enn eitt mål til pause, men vi burde ha skåra fleire mål i første omgang.

Lysekloster har møtt botnlag i to av dei tre siste serierundane, og vunne 19-0 over Valdres og 7-0 over Bergen Nord. Etter Bergen Nord-kampen spurde vi Ruben korleis han trudde det ville bli å gå frå offensiv leik til meir jamn motstand, som Djerv 1919, som snart står for tur.

– No har du fått svar, og vi har fått svar. Vi klarer oss godt defensivt òg om dagen, seier Ruben og ler.

Neste kamp er heime mot Fjøra førstkomande laurdag (kampstart kl 15).

– No har vi hatt tre sterke bortekampar på rad, om vi tar med Brann-kampen, så vi gler oss ekstra mykje til å spela heime igjen.

• Les òg: Lysekloster yppa seg (Brann.no)

Brann (4-3-3): Eirik Holmen Johansen (Håkon Opdal fra 46.) - Gilli Rólantsson, Bismar Acosta (Vito Wormgoor fra 46), Azar Karadas (Christian Eggen Rismark fra 46.), Ruben Kristiansen (Daouda Basmba fra 46) - Fredrik Haugen, Ruben Yttergård Jenssen (Amer Ordagic fra 46), Petter Strand (Kristoffer Barmen fra 46.) - Gilbert Koomson, Aune Heggebø, Thomas Grøgaard.

Lysekloster (3-5-2): Maciej Raniowski (Magnus Eide Tangye fra 77.) - Thorvald Trætteberg (Eirik Jacobsen fra 81.), Szymon Walczak, Damian Garbacik - Joachim Westrheim (Denis Ljubovic fra 57), Even Vetås (Martin Pedersen fra 74), Dino Omerovic (Andreas Kytyri fra 66.), Alonso Gonzáles (Simen Næss fra 62), Nikolai Harris (Kevin Berg fra 66) - Stefan Aase, Karol Zielinski.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.