Sport | 15. jan. 2019

Nær siger over tabelltoaren

... men Os gav frå seg sjansen til å ta etterlengta poeng.

Nær siger over tabelltoaren
Dagens toppskårar Thiet Dang er eit forbilde når det kjem til pågangsmot, meiner Torp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. jan. 2019 22:51

Bildeserie:

Regine Sten (nr 27) står stabilt godt i forsvar. (Foto: KVB)
Regine Sten (nr 27) står stabilt godt i forsvar. (Foto: KVB)
Erlend Lyssand hadde ingen eliteseriespelarar med seg i dag. (Foto: KVB)
Erlend Lyssand hadde ingen eliteseriespelarar med seg i dag. (Foto: KVB)
Anna S. Mjånes var blant målskårarane då Os tok innpå. (Foto: KVB)
Anna S. Mjånes var blant målskårarane då Os tok innpå. (Foto: KVB)
Det var òg Bente Mjanger. (Foto: KVB)
Det var òg Bente Mjanger. (Foto: KVB)
1 av 4
Regine Sten (nr 27) står stabilt godt i forsvar. (Foto: KVB)
Erlend Lyssand hadde ingen eliteseriespelarar med seg i dag. (Foto: KVB)
Anna S. Mjånes var blant målskårarane då Os tok innpå. (Foto: KVB)
Det var òg Bente Mjanger. (Foto: KVB)

Os - Fana 2: 23-26

Damelaget til Os kunne ha klatra frå botnen av tabellen då dei i kveld tok imot Fana 2, som stilte heilt utan eliteseriespelarar.

– Dei beste ungdomane våre speler med Gneist, som del av samarbeidet vi har mellom klubbane. Vi plar ha med oss 2-3 spelarar frå førstelaget, men vi har viktig kamp i morgon, seier trenar Erlend Lyssand frå Os.

Fana, som rykte opp til eliteserien førre sesong, speler borte mot Tertnes. Det er venta 2000 tilskodarar til lokaloppgjeret.

Mot Os stilte Fana 2 med spelarar som ikkje trener så mykje lenger, men som har erfaring og rutine. Det var nok mot eit vertsskap som ikkje såg ut som om dei hadde tru på at dei kunne vinna.

Fire minutt før slutt sto det 22-23. Os kunne tatt sine førstepoeng sidan 20. oktober, men tapte 23-26.

– Godt å sjå at dei er skuffa

Trenar Gitte Torp er einig med at dette var ein kamp Os burde ha vunne, og at laget i periodar såg ut til å mangla energi.

– Det var eitt eller anna som skjedde etter pause, det var også grunnen til at vi tok timeout så tidleg i andre omgang.

Laga følgde kvarandre gjennom førsteomgangen, etter pause fekk gjestane overtaket og leia med 4-5 mål ei stund. Men 4 minutt før slutt var Os oppe i 22-23. Dei klarte dessverre ikkje å halda fram på det gode sporet.

– Samtidig har vi fleire som gjer det bra. Bente er solid, Regine er stabil og leverer som vanleg sterkt i forsvar, og toppskårar Thiet er eit forbilde når det kjem til pågangsmot.

– Det er godt å sjå at spelarane var skuffa etter kamp, at det betyr noko å vinna sjølv om vi har ein tøff sesong. For i dag hadde vi verkeleg sjansen.

35 baklengsmål per kamp

Os ligg i snitt likt som totalen på 22 kampar i fjor, med 24,5 skåra mål per kamp, men mengda baklengsmål har i snitt auka frå 27 til over 35 per kamp.

– Dårlege avsluttingar hadde skulda i dag. Vi fekk mange kontringar imot oss.

– Både andre omgang av kampen mot topplaget Fyllingen i førre veke, og delar av kampen i dag, viser vi at vi kan. Eg håper jentene tar det med seg vidare i dei siste 10 kampane.

Ny heimekamp neste helg

– Har de framleis ambisjonar om å berga plassen i 2. divisjon?

– Vi har ikkje diskutert ei eventuell justering av ambisjonar med styret, men vi går uansett til kamp for å ta poeng.

Neste kamp er òg heime, laurdag 26. januar mot Oslo-Studentenes IK, som ligg på 4. plass.

• Sjå terminliste og tabell

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.