Næringsliv | 23. apr. 2026

NÆRINGSNYTT: Bygger for framtida

I landbruket, i næringslivet og i fellesskapet.

NÆRINGSNYTT: Bygger for framtida
PROBLEMLØYSING: Medan nokre bygger grindverk for å verne om folk eller fe, bygde deltakarar på Etablerardagen ei løysing på eit moderne kvardagsproblem. Her ser du ein elbil-ladestasjon skjerma frå vêr og vind, med både betalingsterminal og skiltgjenkjenning. Idéhavarane ønsker slutt på eit virvar av kranglete ladeappar på bilferie. Foto: Marie Kroka / Midtsiden
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokatorsdag 23. apr. 2026 19:27

Velkomen til nyheitsbrevet Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.

Om du vil sikre deg innblikket levert til eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på nyheitsbrevet her.

Effektiv drift og godt saueliv

På Moberg er lammesesongen i gang, i nytt, 435 kvadratmeter stort grindbygg.

Trass i at bygget er oppført etter tradisjonsrik byggteknikk, inneheld det nye sauefjøset moderne fasilitetar. Rullande fôrband, nytt vassystem og betre plass til dyra, er kvardagen blitt merkbart lettare for bonde Erlend Moberg.

Likevel kan det bli travelt.

– Onsdag 1. april kom det 28 lam på 24 timar. Det gjekk slag i slag, seier bonden.

Frå myr og buskar til bekk, plen og bålplass

Grindverksbygg blir det også i Tellevika, men det skal ikkje brukast til fe, men folk.

Tett ved fjord og bålplass skal besøkande snart kunne nyte friluftsområdet også på dagar der det kan vere godt med ly for vind og regn.

Bjørnafjorden kommune og Bergen Omland Friluftsråd (BOF) rustar opp området med toalett, grindverksbygg, båtplass, handicaprampe og plan for leik og soling.

Frå grindverk til gründerverksemd

Medan nokre bygger grindverk, bygger andre arbeidsplassar.

22. april arrangerte Bjørnafjorden Næringsråd Etablerardagen 2026 på Fabrikken i Os næringspark. Arrangementet var gratis, og målet var å samle både dei som vurderer å starte for seg sjølv og dei som alt er i gang.

På programmet stod alt frå finansiering og juridiske råd til gründererfaringar og gruppearbeid.

– Dette er like aktuelt anten du skal starte ein salong, drive handverk, starte matvogn eller programmereden neste teknologiske nyvinninga, sa dagleg leiar Kristian Bruarøy i Bjørnafjorden Næringsråd.

Då Midtsiden var innom Etablerardagen hadde deltakarane hatt gruppevis idemyldring, og kome fram til ei løysing av eit samfunnsproblem. Prototypen blei visualisert med legoklosser. Det var tydeleg at kreativiteten stod sterkt i rommet.

Denne gruppa ville lage eit AI-verktøy til å hjelpe politikarar å ta gode avgjerder. Ideen er illustrert i lego med vindmøller, "reinsdyr" og hovud som må rulle. Foto: Marie Kroka / Midtsiden
Denne gruppa ville lage eit AI-verktøy til å hjelpe politikarar å ta gode avgjerder. Ideen er illustrert i lego med vindmøller, "reinsdyr" og hovud som må rulle. Foto: Marie Kroka / Midtsiden

Eit handslag som kan bety mykje

Nokre av dei viktigaste investeringane er dei som blir gjorde i folk.

Os Gatelag har fått sin første hovudsponsor, etter at Fana Sparebank gjekk inn med ein avtale som samla svarer til rundt 300.000 kroner i året i tre år.

– Desse midlane sikrar ikkje berre god drift av eige lag, no kan vi halde fram med å arrangere cup for andre gatelag. Denne støtta er det mange som får glede og nytte av, seier Tor Arne Hitland, leiar av Livskvalitet-prosjektet til kommunen, eit prosjekt som inkluderer drift av gatelaget.

Bygger for framtida

Utvikling kjem i mange former. Nokre gonger som eit nytt fjøs, andre gonger som eit friluftsområde, ein møteplass for gründerar eller eit handslag til eit lag som betyr mykje for mange.

Det blir bygd for framtida i Bjørnafjorden – med treverk, tiltak og tru på folk. Midtsiden held deg oppdatert undervegs.

Beste helsing

Marie Kroka

Journalist

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?