NÆRINGSNYTT: Framtida tek form
Nye strukturar veks fram. Os er i ferd med å endre seg, både med fysiske bygg som reiser seg, og framvekst av nye måter å organisere tenester på.


Velkomen til nyheitsbrevet Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.
Om du vil sikre deg innblikket levert til eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på nyheitsbrevet her.
Planlegg for fleire eldre
Bjørnafjorden kommune har peika ut to aktørar dei ønsker å gå vidare med i planane om nye omsorgsbustadar på Osøyro og i Eikelandsosen.
I Os er det Allstad som er føretrekt samarbeidspartnar for rundt 50 omsorgsbustadar i Landboden, på tomta som i dag husar Kløvertun.
Modellen kommunen legg opp til er at private aktørar skal bygge og drifte bygga, medan kommunen leiger bustadane over lang tid og leverer helse- og omsorgstenester til bebuarane.
Planane fekk fleirtal både i tenesteutvalet tysdag, og i formannskapet torsdag. Om kommunestyret gir grønt lys 18. juni, kan arbeidet med å konkretisere prosjekta halde fram.
Målet er at bustadane skal stå klare i løpet av 2030.
Vil bygge ein annan daglegvare
Frå omorganisering av helsetenester til nye måter å handle mat på.
Trygve Berentzen ønsker å hjelpe bøndene med å få maten sin ut til kundane.
Gjennom nystarta Rett Mat AS vil han etablere ein nettbasert daglegvare der lokale produsentar får ein større del av verdiskapinga. Kundane skal bestille på nett, medan varene blir pakka på Hauge for henting eller utkøyring.
Ambisjonen er å tilby mat utan ultraprosesserte produkt, og samtidig gjere det enklare for lokale produsentar å nå marknaden.
– Eg føler eg har landa draumejobben og at dette er mitt kall, seier gründeren.
Bak satsinga står eit handplukka lag med kompetanse innan jus, marknadsføring, landbruk og ernæring. No ventar dei berre på at dei siste tekniske løysingane skal falle på plass før oppstart.
Utsikt til eit sentrum i endring
40 meter over bakken har kranførar Arthur Gniecki kanskje den beste utsikta i Bjørnafjorden.
Frå toppen av byggekrana ved Baronsgården ser han dagleg ut over eit sentrum i endring.
Bygget han sjølv er med å reise omfattar 28 leilegheiter, og meir enn halvparten er allereie selde.
Bildeserien frå toppen viser både fjord, fjell, elv, og sentrum – i tillegg til byggeprosjekta som også er ein del av utsikta.
Føretrekk du videoreportasje frå høgda, har vi det også.
Både offentlege og private aktørar arbeider med prosjekt som skal sette preg på Bjørnafjorden i åra som kjem.
Midtsiden ser fram til å følge utviklinga.
Tips oss gjerne
Har du tips om folk som får til noko, planar som er på gang, eller saker du meiner vi bør sjå nærare på, høyrer vi gjerne frå deg.
Du når redaksjonen på tips@midtsiden.no, og meg på marie@midtsiden.no.
Beste helsing
Marie Kroka
Journalist


