Næringsnytt: Frukostmøte, bustadboom og nye satsingar
Folksam frukost med ordføraren, tidsfrist for arealinnspel og full fart i Strønoparken – samtidig som sentrum står midt i både framtidstru og friksjon.


Velkomen til nyheitsbrevet Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.
Kvar veke deler eg, journalist Marie Kroka, utvald næringslivsstoff med deg. Om du vil sikre deg innblikket levert til eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på nyheitsbrevet her.
115 på frukost med ordføraren
Bjørnafjorden kommune og Bjørnafjorden næringsråd inviterte til frukost i Oseana, der ordførar Terje Søviknes orienterte om planar og prioriteringar for 2026.
115 personar hadde meldt seg på.
Mellom status og framtidsplanar var bodskapen tydeleg: Kommunen ønsker tett dialog med næringslivet.
Den mest konkrete «call to action» i møtet handla om kommuneplanen sin arealdel (KPA). Kommunen er no midt i arbeidet med å samle Bjørnafjorden i éin overordna arealplan.
Ordføraren var krystallklar på tidsklemma.
– 15. februar er ei heilt avgjerande frist.
Fristen gjeld arealinnspel – både frå grunneigarar, verksemder og andre som ser behov for nye bustad-, nærings- eller offentlege område. Idéar som kjem inn etter fristen vil ikkje bli behandla, om dei er aldri så gode.
Søviknes opna òg for at ein kan spele inn område ein ikkje eig sjølv, men med ei klar oppmoding.
– Det kan vere klokt å gi grunneigar beskjed.
Strønoparken: Frå uvisse til full fart – og venteliste
På Nordstrøno har tempoet auka betydeleg. Strønoparken blei lansert med ein ambisjon om bustader «vanlege folk – og særleg unge – faktisk har råd til å etablere seg» i. To år seinare er 60 bustader selde og under bygging, og interessa har gått frå stillstand til press.
Initiativtakar og tomteseljar Klas Færøvik fortel om ein krevjande start, prega av rentehopp, uvisse rundt kommunal arealpolitikk og uro for skule- og barnehagetilbod. Då skule og barnehage blei sikra mot slutten av 2023, snudde utviklinga.
Sidan har prosjektet gjort tre strategiske grep som har treft marknaden: fleire lågprisbustader, både einebustader og leilegheiter – og fjerning av ei planlagd blokk til fordel for einebustader.
Den rimelegaste bustadtypen, firemannsbustader på rundt 50 kvadratmeter, blei raskt utselde. No er det venteliste.
Lyseparken Matpark: Første leigetakar på plass – første byggetrinn i gang
I Lyseparken har Svalinn Property signert den første leigeavtalen i Lyseparken Matpark, med Nor-Log AS som første aktør.
Svalinn skal føre opp bygget og utvikle det i tett dialog med leigetakar. Krossøy i Svalinn omtalar Nor-Log som ein solid og langsiktig aktør, og peikar på at det blir lagt opp til energieffektive løysingar – med mogleg investering i solceller, batteriteknologi og vidare elektrifisering.
Tomta er planert og klar, og avtalen betyr at første byggetrinn no blir realisert.
I sentrum: Framtidstru – og friksjon
I Os sentrum skjer det mykje, men utviklinga kjem ikkje utan motstand.
Fristen er ute for merknadar til hotellplanane på Mobergsneset. Kommunen har mottatt 47 private merknadar og fire frå offentlege styresmakter.
Delar av hotellet er foreslått i ti etasjar, med ei høgde på inntil 42,5 meter. Merknadene handlar mellom anna om solforhold, innsyn, trafikk og parkering – samt uro for at hotellet kan svekkje Oseana si rolle som signalbygg.
Det vil bli invitert til folkemøte før hotell-saka kjem til politisk behandling.
I føredraget sitt peika Søviknes på fleire parallelle prosjekt i sentrum. Esso-tomta, Baronsgården, Stegen 12, hotellplanar ved Oseana, parkeringsanlegg i fjell og ny kollektivterminal.
Eit hovudmål er å løyse ei av dei største flaskehalsane for vidare utvikling; parkering.
Planen som snart kjem på høyring, opnar for inntil 1100 parkeringsplassar i fjell. Det kan frigjere attraktive sentrumsareal til bustad, næring og byutvikling. Samstundes er kostnadene store, og løysinga føreset samarbeid med private investorar.
I samband med store prosjekt i sentrum sa Søviknes at diskusjonar om høgde, volum og arkitektur er ein naturleg del av prosessen.
– Det blir ein del støy. Mange interessentar skal høyrast i den typen utviklingsprosjekt. Det er ein del av demokratiet, og målet er å lande eit best mogleg resultat til slutt.
Takk for at du les Næringsnytt.
På gjenles neste veke!
Beste helsing
Marie Kroka
Journalist










