NÆRINGSNYTT: Høg temperatur i sentrum og is i magen på Røykenes
Bustadmarknaden er uvanleg varm, nye bygg reiser seg i sentrum, og på ein byggeplass i Kuhnlevegen gjekk det bokstavleg talt ei kule varmt tysdag formiddag.


Velkomen til nyheitsbrevet Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.
Om du vil sikre deg innblikket levert til eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på nyheitsbrevet her.
Varmare bustadmarknad enn i storbyane
Det er høg temperatur i bustadmarknaden no, som er godt nytt for dei som skal selje.
Tala frå februar viser at Os har ein heitare marknad enn dei storbyane med kortast salstid.
Snittsalstida førre månad var på berre 12 dagar i Os, mot 15 dagar i Bergen og 19 dagar i Stavanger.
I tillegg gjekk alle ti einebustadane til sal i Os over prisantyding allereie etter første visning.
Bygger i høgda i sentrum
Baronsgården midt i Os sentrum begynner å strekke seg.
– Det vil skje mykje som er synleg for forbipasserande. Når solen er tørr skal det støypast éin etasje per femte veke, seier salssjef Eirik Teigland.
Bygget skal bli fem etasjar høgt.
– Salet går fint, vi selte éin i januar og to til no i mars. Samtidig er sala fint fordelt mellom etasjane, så vi har ledige bustadar i alle etasjar, seier salssjefen.
Skarpskyttar måtte kjøle ned situasjonen
Ein gasslekkasje førte til midlertidig opphald i arbeidet på ein byggeplass i Kuhnlevegen i Os tysdag.
Sidan acetylen er ein svært brann- og eksplosjonsfarleg gass, blei det oppretta ein tryggleikssone på 100 meter.
Sjølv om brannvesenet også hadde rykka ut, var det denne gongen politiet som fekk ansvar for å kjøle ned situasjonen. Ein skarpskyttar skaut hol i flaska sånn at gassen kunne brenne trygt og kontrollert ut.
Ventar på den rette på Røykenes
Sjølv om temperaturen er høg i eigedomsmarknaden, vel eigar Rajesh Kumar Shaw å ha is i magen når det gjeld det gamle restaurantbygget på Røykenes.
Planen var først å drive sjølv, men no jaktar han i staden på leigetakarar. Førebels har det vore stille, men eigaren leiter etter noko spesielt.
– Eit par interessentar har hatt lyst til å selje pizza og kebab. Eg veit ikkje om det er det rette på denne staden. Eg trur du må ha noko litt unikt, så det blir eit trekkplaster, seier Shaw.
Clas kjem til Thon
Anten du treng utstyr for å få opp temperaturen på bålet, eller for å sløkke små brannar i kvardagen, er ny tilbydar rett rundt hjørnet.
Torsdag opnar Clas Ohlson på Thon Senter Os, i den nye etasjen som er bygga inn over hovudinngongen.
Varaordførar Marie Bruarøy skal klippe snora til tonane frå Osøren Jazzensemble.
Om du ikkje får deltatt sjølv, lover Midtsiden å halde deg oppdatert.
Vi lesast!
Beste helsing
Marie Kroka
Journalist










