NÆRINGSNYTT: Løysingar som får ting til å flyte
Når praktiske løysingar kjem på plass, kan det gi betre flyt i kvardagen.


Velkomen til nyheitsbrevet Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.
Om du vil sikre deg innblikket levert til eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på nyheitsbrevet her.
Fann tidseffektiv løysing
På Solstrand Hotel og Bad har ein av dei gamle lindéalleane begynt å «takke for seg».
Alléen har vore ein del av eigedomen sidan 1896, og har leia gjestar ned mot sjøen. Å plante nye tre og vente på at dei skulle gi same allépreget, kunne tatt fleire tiår.
I staden fann Solstrand, saman med Sunnhordland Planteskule og Os Hageservice, ei anna løysing; nye lindetre planta i «takform».
– Det er viktig for oss å ta vare på alleen. Vi blei derfor veldig glade då vi fann ei løysing, seier hotelleigar Pernille Schau-Larsen.
No spirer trea etter sin første vinter.
– I desse dagar gler vi oss over å sjå at dei spirer og gror etter den første vinteren, seier ho.
Frå kai til kundar
I Øyane handlar flyten bokstaveleg talt om sjøvegen.
Torsdag formiddag opnar Coop Prix Øyane i nyrestaurert butikkbygg på Bruarøya, og tre dagar i forvegen kom dei første 40 metrane med flytebrygge på plass.
– Dette er dei 2 første av 5 bryggelengder, sa styreleiar Jon Harald Røttingen i Øinæs grunneigarlag på måndag.
Til saman skal det kome 100 meter med nye brygger. Dei skal ligge som ein speglvend J, for å skjerme båtane mot sønnavind og bølger frå forbipasserande.
Før bryggene kunne slepast på plass, hadde dugnadsgjengen skifta skjørt på trekaien og gjort klart for mottak.
Samstundes jobbar Prix sine tilsette med å fylle hyllene med varer.
Overskot som ressurs
Der Solstrand fornyar ein historisk allé, og Øyane bygger vidare på ein butikk- og kaiplass, har Torstein Olsen sett på noko mange helst vil bli kvitt – overskotsmassar.
Olsen, som sjølv jobbar i anleggsbransjen, har laga Massemarkedet – ein nettportal som skal kople dei som har jord, stein og pukk til overs, med dei som treng nettopp slike massar.
– Eg sakna struktur og oversikt, seier Olsen.
Han har sjølv brukt Facebookgrupper for massar, men opplevde ofte at viktig informasjon mangla. Lokasjon, mengd og type massar var ikkje alltid lett å finne.
No har han bygd ei løysing der aktørar kan legge ut tilgjengelege massar eller melde inn behov. Brukaren kan søke innanfor ein radius, og målet er at massane skal flyttast kortare, brukast meir effektivt og spare både pengar og klima.
Olsen hadde som mål å få 50 registrerte brukarar i løpet av 2026. Etter fem veker har han 40.
– Så der eg er eg snart, seier gründeren.
Når flyten stoppar
På ferjestrekninga Hatvik–Venjaneset er det manglande flyt som uroar kommunen. Trafikken har auka, og fleire opplever at kapasiteten i sambandet er for låg.
No ber ordførar Terje Søviknes Vestland fylkeskommune og Skyss om både strakstiltak og større kapasitet i neste anbodsrunde.
– Kapasiteten er allereie sprengd, og vi ber om auka kapasitet i sambandet fram til nytt anbod er på plass, skriv Søviknes.
Søviknes meiner eit sterkt og føreseieleg ferjetilbod er avgjerande for å binda kommunen saman og sikre ein velfungerande bu- og arbeidsmarknadsregion.
Midtsiden held fram med å følge både løysingane som er på plass, og dei som framleis manglar.
Beste helsing









