Næringsliv | ti timar sidan

NÆRINGSNYTT: Nye leiarar, nye verdiar

Eigedomar får nye prislappar, verksemder får nye eigarar, og skulen får nye leiarar.

NÆRINGSNYTT: Nye leiarar, nye verdiar
Sambygdningar og bygg som blir omtala i denne utgåva av næringsnytt. Foto: Arvid Berg (oppe t.h) Bent René Synnevåg (nede t.v.), dei resterande bilda er knipsa av Midtsiden ved Ørjan Håland og Kjetil Vasby Bruarøy.
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokatorsdag 16. apr. 2026 12:33

Velkomen til nyheitsbrevet Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.

Om du vil sikre deg innblikket levert til eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på nyheitsbrevet her.

Fritidsperle får interesse frå inn- og utland

I Lysefjorden har ein sjeldan eigedom vekt interesse langt utanfor kommunegrensa. Vassvikvegen 209 ligg ute med prisantyding på 12 millionar kroner, og ifølgje meklar Sjur Breistein har det allereie vore «mykje interesse» både frå inn- og utland.

Overvekta av interessentane vil bruke eigedommen sjølv, men det har òg vore interesse frå reiselivsaktørar som ser potensial for vidare utvikling.

– Nokre synest prisen er høg, men den forsvarer seg veldig greitt med dei tomtene som ligg der, seier Sjur Breistein, meklar og partnar i Emera Eiendomsmegling.

Den 12 mål store eigedommen er ferdig regulert for utvikling, og det er stikka ut fem framtidige parsellar.

Kraftig prishopp for einebustad

For ei anna adresse i Lysefjorden er avtalen om eigarskifte alt i boks.

Ein einebustad i Hellebakkane i Lysefjorden enda på 10,15 millionar kroner, nesten to millionar over prisantyding.

– Tilbakemeldingane var veldig gode, denne eigedomen har «alt», god plass, garasje, flott utsikt og svært gode solforhold. Samtidig ligg den nær det meste, barnehage, skule, idrettsanlegg, sjøen og ny E39, sa eigedomsmeklar Jeanett Borgen Kallekleiv i Privatmegleren Syd.

Tilbake der det starta

Samtidig skiftar også etablerte verksemder hender. Vitalreiser fekk nye eigarar 1. april, då Inger Berit Bøyum, Hans Parnefält og Eva Størksen overtok selskapet.

Parnefält er ikkje ny i historia til selskapet – han var med på å stifte det i 2002, og er no tilbake som dagleg leiar.

– Engasjementet er stort og ideane er mange. Vi gler oss til å bygge vidare på det som er skapt, og samtidig introdusere nye og spennande reiser, seier dei nye eigarane.

Coop varslar lange opningstider på Øyane

I Øyane nærmar opninga seg for ny butikk, men i ny form. Coop fortel at Prix Øyane i starten skal ha ope frå 08 til 22, sju dagar i veka, og at butikken etter kvart skal over i meir ubemanna drift.

Dette blir ikkje berre ei opning av dører, men eit nytt tilbod som kan gjere logistikken smidigare for besøkande og fastbuande på Øyane.

To skular går mot leiarskifte

Også i skulen er det overgangar i vente.

Borgafjellet barneskule mistar rektoren som har leia skulen sidan oppstarten i 2021, og på Nore Neset ungdomsskule måtte kommunen lyse ut rektorstillinga på nytt etter at kandidaten som fekk tilbod takka nei.

Begge skulane går inn i nytt skuleår med ny leiar.

Avtroppande rektor ved Borgafjellet trur ein ny leiar kan vere med på å utvikle skulen vidare, og delte følgane råd til den som vil ta over:

– Følg det som er bra, men løft også blikket og sjå med nye auge. Det er alltid ting å ta tak i på ein skule, sa Gunnhild Astrup Hansen.

Vegen vidare

Samtidig som eigedomar skiftar hender, prisane blir pressa opp og lokale verksemder får nye eigarar, blir også dei større linjene teikna opp.

I går samla Vestlandsrådet kommunar, næringsliv og politikarar til mobiliseringskonferanse om E39 og neste Nasjonal transportplan – eit arbeid som på sikt kan få mykje å seie også for attraktivitet, vekst og verdiskaping i vår del av regionen.

Midtsiden følgjer utviklinga vidare – både dei små skifta og dei større linjene.

Beste helsing

Marie Kroka

Journalist

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?