NÆRINGSNYTT: På veg inn i noko nytt
Fleire etablerte bygg, verksemder og institusjonar er på veg inn i ein ny fase.


Velkomen til nyheitsbrevet Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.
Om du vil sikre deg innblikket levert til eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på nyheitsbrevet her.
Ny rektor i ein ny skulekvardag
Jan Kåre Greve trudde ikkje han skulle tilbake til Os vidaregåande skule etter perioden som konstituert rektor i 2022–23.
No er han her igjen – denne gongen for å leie skulen gjennom det første året etter samanslåinga med Os gymnas.
Frå 1. august er dei to tidlegare skulane éin skule, framleis fordelt på to lokasjonar.
Den fysiske avstanden mellom Kolskogheiane og Gymnasvegen meiner Greve blir den største utfordringa. Elevane skal ha undervisninga på éin stad, medan lærarar må flytte mellom dei to lokasjonane.
– No er planlegginga over, no skal vi starte opp, seier Greve.
Baronsgården fyller seg
Også i Os sentrum går eit stort prosjekt inn i ein ny fase.
I Baronsgården, som blir bygd der Oshjørnet stod, er begge næringslokala på gateplan no selte.
Dei to lokala er på 115 og 95 kvadratmeter. Kven kjøparane er, er førebels ikkje kjent, men salssjef Eirik Z. Teigland hos Bono Bolig opplyser at begge skal drive detaljhandel og har tilknyting til Os frå før.
– Det gjekk unna i sommar, seier Teigland.
Også bustadsalet har gått vidare. 18 av 28 bustadar er no selte, og dei første kjøparane har fått informasjon om overtaking våren 2027.
Denne veka var det visning i bygget, heilt opp til den felles takterrassen.
Vil bygge vidare oppover
Nokre hundre meter unna er eit anna sentrumsbygg i ferd med å få ny form.
Jafs Invest AS kjøpte det gamle Lepsøe-bygget i Brugata 5A i fjor. No er innvendig riving i gang, og eigar Jan Frode Skeie har søkt kommunen om å bygge bygget høgare.
Planen er å bygge om loftsetasjen til kontor og etablere eit nytt toppnivå med leilegheit og flatt tak. Det er også søkt om fasadeendringar, heis og felles takterrasse.
– Vi får meir plass, og dessutan kjem vi då på nivå med bygningane rundt, seier Skeie.
Næring er framleis hovudplanen for bygget, og Skeie fortel at dei allereie har fått førespurnader frå potensielle leigetakarar.
Kor mykje dei kan gå vidare med, avheng no av svaret frå kommunen på planane for toppen av bygget.
Midtsiden held fram med å følge aktiviteten som formar lokalmiljøet. Vi lesast!
Beste helsing
Marie Kroka
Journalist


