Næringsliv | 05. aug. 2026

NÆRINGSNYTT: Planlagt, bygd og fylt med liv

Nokre stader i Bjørnafjorden er framleis på teiknebrettet. Andre er bygde om, tatt i bruk, og fylte med aktivitet.

NÆRINGSNYTT: Planlagt, bygd og fylt med liv
Tre nye bustadbygg i Stegen står klare til innflytting. For grunnen under blir det arbeidd med planar for parkering i fjell. Foto: Marie Kroka / Midtsiden
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokaonsdag 05. aug. 2026 14:03

Velkomen til nyheitsbrevet Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.

Om du vil sikre deg innblikket levert til eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på nyheitsbrevet her.

Svarar om planen i fjellet

Detaljreguleringsplanen for parkeringshall i fjell og ny kollektivterminal blei lagt ut på høyring i slutten av juni. Planen omfattar opptil 1100 parkeringsplassar og har eit prisestimat på 911 millionar kroner.

Onsdag ettermiddag, 5. august, sit representantar frå Bjørnafjorden kommune og Multiconsult i Vognhallen for å svare på spørsmål frå innbyggarane. Dei har med seg illustrasjonar og kart, men skal ikkje halde ein felles presentasjon.

Planavdelinga reknar blant anna med spørsmål frå naboar om korleis eigedomane deira kan bli påverka, og korleis anleggsperioden vil bli.

– I dag gir vi folk ein sjanse til å få svar på spørsmål før dei eventuelt skriv ein merknad, seier Kaisa Tonheim Banne, leiar for planavdelinga.

Fylte Øyane med festivalpublikum

Medan fjellprosjektet i Os framleis er under planlegging, blei eit langt mindre område fylt med publikum, artistar og frivillige i helga.

På det som til vanleg er skule- og idrettsplassen til Søre Øyane barneskule, blei plastgolv montert og byggegjerder reiste, for å sette dei fysiske rammene rundt Øyafest.

Festivalen hadde 600 gjestar fredag og 2000 gjestar laurdag. Rundt 100 frivillige var i arbeid på den største festivaldagen.

I baren blei det omsett for nesten 400.000 kroner fredag og nærmare 1,3 millionar kroner laurdag.

Festivalen er i stor grad produsert lokalt. Då nettet var nede, heldt dei nye kortterminalane fram med å fungere. Terminalane var leverte av ein lokal aktør. Vedholmen Catering og Bjørnafjorden Opplevelser leverte mat til artistar og frivillige, medan artisttransporten blei gjennomført med lånte bilar.

– Det er heilt rått kva vi får til på ein så liten plass, seier festivalsjef Ivar Bøthun.

Ny leiar tar over eit senter i vekst

På Thon Senter Os har Kenneth Smørdal avslutta etter tre år som senterleiar og gått vidare til Thon Senter Åsane. I perioden hans har senteret fått nye butikkar, utvida lokale og skifta namn frå AMFI Os til Thon Senter Os.

Mester Grønn, Normal, Clas Ohlson, Burger King og Kids Outlet har opna. Begge daglegvarebutikkane er totalrenoverte, og fleire eksisterande leigetakarar har flytta eller utvida.

Måndag starta Eirik Andreas Mork som ny senterleiar. Han kjem frå stillinga som dagleg leiar for Fretex i Bergen sentrum og har 24 års erfaring som leiar.

– Eg brenn for gode handelsopplevingar, og har i det siste hatt ein fascinasjon for den rolla eit kjøpesenter har i eit lokalsamfunn – ein stad for handel, men òg ein møteplass, seier Mork.

25 leilegheiter overtatt i Stegen

I juli var det registrert eigedomssal i alle krinsane i Bjørnafjorden. To eigedomar blei selde for meir enn ti millionar kroner, på Skeie og Strøno.

Den mest omfattande overtakinga skjedde i Stegen. Der fekk 25 leilegheiter i BoiOs-prosjektet nye eigarar i løpet av månaden.

Prosjektet er bygd på den tidlegare barnehagetomta, som BoiOs kjøpte i desember 2022. Leilegheitene som blei overtekne i juli, blei selde for mellom 4,3 og 8,7 millionar kroner.

Tre flunkande nye sentrumsnære bygg, fulle av innflyttingsklare leilegheiter. Foto: Marie Kroka / Midtsiden
Tre flunkande nye sentrumsnære bygg, fulle av innflyttingsklare leilegheiter. Foto: Marie Kroka / Midtsiden

Frå planar i fjell til festival i Øyane, endringar på kjøpesenteret og innflytting i nye leilegheiter: Stader i Bjørnafjorden blir laga planar for, bygde og fylte med liv.

Midtsiden held fram med å følge aktiviteten som formar kommunen. Vi lesast!

Beste helsing

Marie Kroka

Journalist

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

NÆRINGSNYTT: Planlagt, bygd og fylt med liv