Næringsliv | sju timar sidan

NÆRINGSNYTT: Song, snorklipping og storstilte planar

Det blir opna, utvida, planlagt og støypt i Bjørnafjorden.

NÆRINGSNYTT: Song, snorklipping og storstilte planar
Støyping av butikkgolv i Øyane, planlegging av sentrallager i Lyseparken og snorklipping på Thon Senter Os. Foto: Midtsiden (arkiv)
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokaonsdag 25. mars 2026 14:19

Velkomen til nyheitsbrevet Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.

Om du vil sikre deg innblikket levert til eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på nyheitsbrevet her.

Song, snorklipping og fullt hus

Torsdag opna Clas Ohlson dørene på Thon Senter Os, og det skjedde ikkje i det stille. Før snorklippinga song 40 Clas Ohlson-medarbeidarar «song om seg sjølv», akkompagnert av delar av Osøren Jazzensemble – medan dei dansa Fugledansen.

Fungerande ordførar Marie Lunde Bruarøy trekte fram kva etableringa betyr for handelslivet lokalt.

– Denne etableringa gjer at det er endå ein god grunn til å handle i Os framfor å køyre ut av kommunen, sa ho.

Butikken er på 1.050 kvadratmeter, og blei raskt fylt med kundar då dørene opna.

Bygger for å bli verande

Samtidig som Os får ein ny butikk, legg ein av kommunen sine største aktørar planar for noko langt større. Fredag blei det kjent at Sport Outlet er ny tomtekjøpar i Lyseparken.

Ordførar Terje Søviknes sa at tomtekjøpet «sikrar at dei blir verande i kommunen», medan Tor Andre Skeie fortalde om eit prosjekt i stor skala: Eit bygg på mellom 35.000 og 45.000 kvadratmeter.

Outlet Group planlegg både nytt hovudkvarter og automatisert sentrallager, med ei høgdeløysing på opptil 38 meter.

– Dei neste fem til åtte åra skal vi doble talet butikkar, seier Skeie.

Konsernet har i dag 126 Sport Outlet- og Kids Outlet-butikkar i Norge, og ei lita handfull Sport Outlet-butikkar i Polen.

Når nokon flyttar ut, opnar det seg nye moglegheiter

At Sport Outlet vil bygge nytt, får også konsekvensar for dagens base i Ådnadalen. Der leiger selskapet no rundt 27.000 av 36.000 kvadratmeter i det såkalla «Lidl-bygget».

Eigedomssjef Tore Svendsen i Relog AS tar meldinga med ro.

– Vi har heldigvis god tid på oss til å få inn nokon nye.

Og han peikar på fleire kvalitetar ved bygget som kan bli attraktive for neste leigetakar: Det står klart, er innreidd, og ligg nær ny E39.

Ny start

Det er ikkje berre dei store aktørane som riggar seg på nytt. Brimsholm-familien, som tidlegare var knytt til butikkplanane på Bruarøya, startar no cateringfirma.

Vedholmen Catering blir eit dotterselskap av Vedholmen Landhandel AS, og Anne Brimsholm får med seg kusina Menike Haugland. Også mora, Inglaug Brimsholm, er med i starten.

Med seg har dei både erfaring, kjøkkenutstyr og oppskrifter – inkludert pizzaen som mange kjenner frå før.

Dugnad, gåver og ny betong

I Øyane er det òg framdrift – bokstaveleg tala. Tysdag blei golvet støypt i det som skal bli nye «Prix Vedholmen», berre 15 dagar etter at årsmøtet i Øinæs grunneigarlag gav styret ja til å signera med Coop.

– Dette er ein milepæl, seier styreleiar Jon Harald Røttingen.

Samtidig fortel grunneigarlaget om stor støtte frå både firma og privatpersonar. Summen av gåver til restaureringsprosjektet har no passert to millionar kroner. I tillegg har Sparebanken Norge gitt to millionar kroner øyremerkte til nye flytebrygger.

– Det hadde ikkje vore mogleg for oss i grunneigarlaget å gå laus på dette store restaureringsprosjektet utan denne solide støtta, seier Jon Tore Døsen.

Målet er framleis opning i slutten av mai.

Nokre satsar større, nokre startar på nytt, og nokre bygger opp att. I Bjørnafjorden blir det både opna, omstilt og satsa.

Vi lesast!

Beste helsing

Marie Kroka

Journalist

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?