NÆRINGSNYTT: Større plass, større båt, større sjanse
Måkestad bygger nytt. Samba set nytt fartøy i arbeid. Coverskin går frå prototype til produksjon og nettbutikk.


Velkomen til nyheitsbrevet Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.
Om du vil sikre deg innblikket levert til eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på nyheitsbrevet her.
220 arbeidsplassar til Lyseparken
I dag blei det gjort kjent at Måkestad-konsernet samlar all matrelatert aktivitet frå Flesland og Åsane i Bjørnafjorden. I Lyseparken har familieselskapet kjøpt 30 mål tomt, med opsjon på meir, og skal bygge nytt hovudkvarter på rundt 17.000 kvadratmeter.
For eigar Oddvar Måkestad var ikkje valet opplagt frå start.
– Os høyrdest langt vekke ut – det har tatt nokre bilturar for å overbevise meg, seier han.
No er målet innflytting siste kvartal av 2027.
– Vi måtte ha større plass, seier Odd-Øyvind Måkestad.
– Dette blir hjartet av all forretning vi har med distribusjon i regionen, legg han til.
Samba fekk nybygget heim
Torsdag 30. april kom Fox Master endeleg heim til Amundsneset. Den 28,7 meter lange arbeidsbåten blei bestilt hausten 2023 og bygd i Kroatia.
Heimturen tok 14,5 døgn.
– Vi gjekk i eitt strekk, og såg land berre i Gibraltar og i Den engelske kanal, seier prosjektkoordinator Michal Koopmann.
Fox Master har tre vinsjar tre kraner. Den eine kranen har 370 tonnmeter og rekkevidde på 33 meter.
– Ved sidan av den store kranen er bu-komfort noko som skil seg ut. Gode fasilitetar gjer Samba Marin meir attraktiv som arbeidsgjevar, seier dagleg leiar Eirik Haugland.
Coverskin gjennom nålauget
I Bjørnafjorden gründerpark kunne Marita Haugland feire 900.000 kroner i Oppstartstilskot 2 frå Innovasjon Norge. Det skjer i eit år der ramma for ordninga er redusert med 60 prosent.
Coverskin er eit mjukt, vasstett og pustande tekstilprodukt som skal halde behandlingskrem for hudplagar på plass.
For å få utbetalt tilskotet må selskapet stille tilsvarande sum i eigenkapital. Haugland bruker forsikringspengar etter eiga kreftsjukdom til å matche støtta.
– Oppi det heile kom det noko godt ut av kreften. Det gav meg mogelegheita til å ta denne investeringa sjølv.
Ho har no bestilt 3.000 produkt, lansert heimeside og håpar å opne nettbutikk i slutten av mai.
– Eg skundar meg langsamt, seier Haugland.
Midtsiden følger med vidare – frå store investeringar til små idear som kan vekse seg store.
Vi lesast!
Beste helsing
Marie Kroka
Journalist








