NÆRINGSNYTT: Varm satsing – kald beskjed
VEKE 8: Den siste veka har Midtsiden skrive om både varme investeringar og kalde realitetar. Enten du har abonnement eller ei, her får du ei oppsummering.


Velkomen til nyheitsbrevet Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.
Kvar veke deler eg, journalist Marie Kroka, utvald næringslivsstoff med deg.
Om du vil sikre deg innblikket levert til eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på nyheitsbrevet her.
Vil bygge billeg – og leige ut rimeleg
Hausten 2023 fekk Os Turn på plass sauna i Os hamn, finansiert med 860.000 kroner frå Sparebanken Vest. No kjem eit nytt, lokalt initiativ – i ein heilt annan prisklasse.
– Vi bygger noko som er billig. Målet er at det òg skal bli låg pris for venegjengar som vil leige heile, seier Erik Vågen i Utebygg AS.
Selskapet, som er under etablering, har to små badstover på rundt 1,8 x 1,8 meter klare for utplassering i starten av mars.
– For det første vil prisen på ferdig sauna vera berre 120.000 til 150.000 kroner, for det andre blir det billigare for kundane å leige heile saunaen, seier Vågen.
– Heilt uforståeleg
Samtidig som nokre satsar nytt, opplever andre at tilbod forsvinn.
Den statlege tilskotsordninga for svømmeopplæring i barnehagar er avvikla. I Bjørnafjorden har seks av sju kommunale barnehagar – og fleire private – brukt ordninga.
– Det er heilt uforståeleg, seier styrar Tone Fjeldstad i Varhaug barnehage.
Ho peikar på at støtta, på «eit par tusen kroner per barn», har vore avgjerande for å dekke transport og ekstra bemanning.
– Langsiktig effekt er at barn blir mindre vane med vatn, sa kommunalsjef Line Rye då ho informerte i Tenesteutvalet om avviklinga.
Varhaug barnehage har likevel valt å halde fram.
– Vi kunne ikkje skuffe førskulebarna – dei har gledd seg fleire år i forvegen. Vi må berre omprioritere. Det var mitt første instinkt, seier Fjeldstad.
Rekord til mjølkebøndene
Frå basseng til fjøs: Tine leverer rekordstor etterbetaling.
Bøndene får 1,20 kroner ekstra per liter mjølk levert i fjor – totalt 1,7 milliardar kroner tilbake til eigarane.
I Bjørnafjorden gjeld det 17 mjølkeprodusentar. Dei har levert mjølk for 3.016.581 kroner og får no etterbetalt 3.619.897 kroner – i snitt 212.900 kroner per bonde.
– Vi skjønte at 2025 var eit godt år, og at det ville kome ei bra utbetaling. Men at vi skulle slå førre rekord hadde eg ikkje trudd, dette var ei gledeleg overrasking, seier Bård Anders Botnevik.
– Vi er i rute
I Lyseparken byrjar Posten Bring-terminalen å ta form. Posten kjøpte 110 mål, og skal opp med bygg på over 26.000 kvadratmeter.
No har både betong- og stålveggar reist seg.
– Arbeidet med den nye postterminalen er i rute. Grunnarbeidet held fram mens vi reiser bygget, seier Aleksander Hømanberg i Posten Bring.
Kø før opning
Fredag er siste skuledag før vinterferien. I oppladinga, og gjennom veker med vintervêr, merkar BUA Bjørnafjorden rekordpågang.
– Vi har hatt rekordstort utlån i det siste. I går hadde vi 106 lån ute, seier leiar Lillian Kvamsøy.
For å møta etterspurnaden har dei kjøpt 40 par nye skøyter, fem par nye ski og fleire vinterbukser før vinterferien.
– Det står gjerne folk i kø ein halvtime før vi opnar.
BUA låner ut utstyr gratis, og engasjementet er stort.
– Folk takkar oss nesten opp i handa for at dei får lov å låne.
Nye initiativ
Midtsiden held fram med å gi deg innblikk i lokale nysatsingar. I dag tidleg kunne du lese om Shakar som starta vikarbyrå, og litt seinare i dag kjem artikkel om nytt firma som skal by på både bil og båt…
Over vinterferien er Næringsnytt tilbake med meir frå lokalt næringsliv. I mellomtida kan du kose deg med resten av innhaldet på Midtsiden – som held koken sjølv når snøen lavar ned.
Vi lesast!
Beste helsing
Marie Kroka
Journalist











