NÆRINGSNYTT VEKE 26: Søfteland-bedrift kan redde éin million barn i året
På Søfteland blir det produsert nødmat som kan redde liv. Frå lokala til Bjørnafjorden gjestetun prøver Rett Mat ut ein ny veg til kundane. Hos Skaathun Bilverksted har solceller, varmepumper og betre avfallssortering gitt både lågare utslepp og lågare kostnadar.


Velkomen til nyheitsbrevet Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.
Om du vil sikre deg innblikket levert til eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på nyheitsbrevet her.
Livsviktig produksjon på Søfteland
Compact Food Solutions er kåra til månadens bedrift av NHO Vestland.
Det lokale selskapet produserer energirike «kjeks» som blir brukte både i maritim sektor og i humanitære kriseområde. Produkta er spesialtilpassa for å fungere som nødmat, både for å behandle underernæring og for å overleve på sjø.
– Det er få bedrifter i Vestland som reddar så mange liv som dykk, sa fungerande regionsdirektør Sondre Olsen i NHO Vestland under utdelinga.
Kristin Berg Gallaher, med ansvar for kvalitet og berekraft i Compact Food Solutions, sette tal på kva produksjonen kan bety.
– I gode år, omrekna etter mengd produkt vi sel, er det rundt ein million barn vi er med å redde, seier Berg Gallaher.
Compact Food Solutions, har rundt 50 tilsette på Søfteland, der dei har halde til i det gule fabrikkbygget sidan 1985.
Pangstart for Rett Mat
Ein annan mataktør er i ei langt ferskare fase.
For kort tid sidan starta Trygve Berentzen Rett Mat AS. Etter første veke med drift kunne han fortelje om respons over forventning.
– Det har vore ei veke med mykje arbeid og lite søvn, men etterspurnaden har vore over all forventning. Vi får håpe det held fram slik, seier Berentzen.
Planen var først å starte med nettbutikk og utlevering. No vurderer gründeren eit meir tradisjonelt format.
– Konseptet utviklar og endrar seg fortløpande i prosessen. Tanken var at vi skulle starte med nettbutikk og utlevering, men no heller vi meir mot å opne ein ordentleg butikk med faste opningstider, fortel han.
Ifølge Berentzen har interessa i stor grad kome frå osingar. Det kan påverke kvar satsinga får feste vidare.
– Mens intensjonen vår var å flytte til Fana, har vi no eit ønske om å prøve å slå røter i Os.
Solceller, sortering og lågare kostnadar
Hos Skaathun Bilverksted har miljøtiltak også blitt god butikk.
Verkstaden blei Miljøfyrtårn i 2021, og investerte i 2024 i rundt 1.000 kvadratmeter solcellepanel på taket. Etter første heile driftsår viser tala tydeleg effekt.
Klimagassutsleppet er redusert frå 59 til 19,4 tonn CO2. Samla energiforbruk har gått ned frå 200.000 til under 150.000 kWh.
I mai produserte verkstaden meir straum enn han brukte.
– Mai har ikkje akkurat vore solrik, likevel produserte vi meir enn vi brukte, i sum fekk vi 6.800 kroner tilbake på straumrekninga. Det synest eg er heilt formidabelt, seier Ole Viggo Skaathun.
Også på avfallssida har verkstaden fått resultat. Mengda avfall er halvert frå 40 til 21 tonn.
– Vi har spart pengar på å bli endå flinkare å sortere avfall. Som firma betaler du mykje per tonn, seier Skaathun.
På gjenles
Frå nødmat på Søfteland til lokalmat på gjestetunet og solceller på verkstadtaket. I Bjørnafjorden blir drift utvikla med blikk for både kundar, kostnadar og konsekvensar.
No tar Næringsnytt sommarferie, men Midtsiden held fram å rapportere om lokal aktivitet, heile sommaren gjennom.
Riktig god sommar til deg. På gjenles!
Beste helsing
Marie Kroka
Journalist


