Akkurat no sitt planavdelinga på biblioteket – for å gi svar om hotellet
NÆRINGSNYTT VEKE 47: Det planleggast og det byggast i Bjørnafjorden: Restaurantar, butikkar, hotell og bustadar.


Velkomen til nyheitsbrevet vårt, Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.
Om du også vil vere blant dei hundrevis som får nyheitsbreva våre rett i eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på desse her.
Hotell
I dag vil planavdelinga i kommunen og plankonsulenten ABO Plan og Arkitektur vere til stades på hovudbiblioteket på Os i tre timar frå klokka 14.30.
Då er alle velkomen innom for å stille alle spørsmåla dei måtte ha om hotellplanane på Mobergsneset.
Saka ligg ute til offentleg ettersyn, og fristen for å sende innspel til reguleringsplanen er 12. desember 2025.
Mat og servering
Burger King-restauranten tar form på Amfi Os. Neste veke er det planlagt opning.
Extra-butikken på kjøpesenteret ligg rett framfor Burger King i kappløpet om å bli tilgjengeleg for kundane.
Etter å ha vore stengt i tre månader for ombygging blir det nyopning i morgon, torsdag 19. november.
– Vi har fått tilbakemelding frå fleire kundar om at dei saknar oss, seier butikksjef Elise Solhaug.
Den nye butikken er blitt om lag 500 kvadratmeter mindre enn før, men opplevast ikkje særleg mindre.
– Vi har same sortimentet og same gode utval, seier Solhaug.
Sentrumsnære byggeplanar
Kommunen etterlyser tomteeigarar og utbyggarar som vil bygge, eige og drifte omsorgsbustadar i gangavstand til butikkar og servicetilbod i Os og i Eikelandsosen.
– Dagens bustad- og tenestestruktur i Bjørnafjorden kan ikkje løyse morgondagens utfordringar. Vi ønsker å kome raskt i gang med arbeidet, og ber interesserte aktørar om å ta kontakt så snart som mogleg, skriv kommunen.
Kommunen har også kome til einigheit med utbyggar og Vestland fylkeskommune om eit prosjekt som vil sette opp 80 til 100 sentrumsnære bustadar i Giljavegen.
– Då håpar vi at planen vil få litt framdrift igjen, seier leiar i planavdelinga, Kaisa Tonheim Banne.
Etter ei synfaring har fylkeskommunen gått med på å trekke innvendinga dei hadde, så lenge utbyggar betaler for trafikktiltak for gåande og syklande i Kolabakkane.
Meir bygg og butikk
Dette er berre nokre av næringslivssakene vi har skrive den siste veka.
I relaterte saker under finn du også informasjon om at Bunnpris Vedholmen truleg er berga, planer om nytt deponi for jord og stein nær Lyseparken, og du får tips frå lokal bedrift om å utruste ski eller sykkel for minusgradene som no har funne vegen til oss.
På gjenles,
Beste helsing
Marie Kroka
Journalist










