Næringsliv | 25. feb. 2014

Næringsparken kan bli tredobla

Livet langs linjo: Os Næringspark har laga skisser for eventuell framtidig vekst – og kan bli større enn Amfisenteret.

Delar av det som kan bli kraftig utvida Os Næringspark. Biblioteket til venstre. (Ill.: Abo plan og arkitektur)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 25. feb. 2014 21:05

Bildeserie:

Os Næringspark frå lufta. (Foto: KVB)
Alternativ 1, delvis utbygging, 7700 kvm ekstra. (Ill.: Abo plan og arkitektur)
Alternativ 2, full utbygging, 2000 kvm blir rive for å gje plass til nesten 20.000 nye. (Ill.: Abo plan og arkitektur)
Sånn kan Os Næringspark bli, 28.000 kvm stor. (Ill.: Abo plan og arkitektur)
Fasade frå aust, over Giskavollen. (Ill.: Abo plan og arkitektur)
Fasade frå nord. (Ill.: Abo plan og arkitektur)
Os Næringspark i dag. (Foto: KVB)
Os Næringspark frå lufta. (Foto: KVB)
Alternativ 1, delvis utbygging, 7700 kvm ekstra. (Ill.: Abo plan og arkitektur)
1 av 7
Alternativ 1, delvis utbygging, 7700 kvm ekstra. (Ill.: Abo plan og arkitektur)
Alternativ 2, full utbygging, 2000 kvm blir rive for å gje plass til nesten 20.000 nye. (Ill.: Abo plan og arkitektur)
Sånn kan Os Næringspark bli, 28.000 kvm stor. (Ill.: Abo plan og arkitektur)
Fasade frå aust, over Giskavollen. (Ill.: Abo plan og arkitektur)
Fasade frå nord. (Ill.: Abo plan og arkitektur)
Os Næringspark i dag. (Foto: KVB)
Os Næringspark frå lufta. (Foto: KVB)

I samband med områdereguleringa "Kvernelva-Stegen, Fjellheim", også kalla Livet langs linjo, har Os Næringspark AS vore i forkant og fått utforma mulighetsstudie for eventuell framtidig vekst.

Livet langs linjo opnar for auka utnytting av tomtene Os Næringspark ligg på, opp til 300 prosent.

ABO plan og arkitektur, som også har forma planen som no skal ut på høyring, har teikna to moglege utvidingar av Os Næringspark.

Frå 10.000 til 28.000 kvadratmeter

I den eine skissa er eit større nybygg over eksisterande parkeringsplass mot Byvegen, med parkering på gateplan og tre etasjar over.

Dette tilbygget er på 7.700 kvadratmeter. Os Næringspark er frå før cirka 10.000 kvadratmeter.

I det andre alternativet er dei kvite husa mot Byvegen sanert til fordel for endå eit nybygg.

– Om vi river dei kvite husa mot vegen ofrar vi rundt 2000 kvadratmeter og bygger cirka 12.000 nye, seier Espen Aspenes.

Kjøpesenter, sjukehus eller skule?

Ifølgje reguleringsplanen kan Os Næringspark husa både forretning, industri og bustadar, FIB.

– Vi har førebels ikkje skissa inn bustadar i ei eventuell utviding, men det er ikkje umogleg, for eksempel med leilegheter på taket, seier Aspenes.

Om næringsparken auka ut frå skissene vil samla areal auka frå 10.000 til nærmare 28.000 kvadratmeter. Til samanlikning er AMFI Os 21.200 kvadratmeter stort.

– Kan Os Næringspark bli eit kjøpesenter?

– Alt er mogleg, men det er for tidleg å seia.

– Kva bransjar eller type leigetakarar ser du for deg vil vera lettast å selja inn i nytt areal?

– I ei eventuell utviding er det ope for det meste. Det kan koma handel og kontor, men det kan like gjerne bli rom for eit lite sjukehus, ein skule eller eit forskingssenter, alt ut frå kva type verksemder Os klarer å gjera seg attraktiv for i framtida.

Kvar kjem handelsklyngene?

Espen og broren Knut Jarle kjøpte eigedomen i 2000. Året etter flytta den største leigetakaren, Irisfabrikken, ut.

– Hadde vi visst at Iris-produksjonen den gong var på veg til Arna så hadde vi nok ikkje kjøpt. Men i ettertid ser vi at det likevel har gått bra.

Posten og Os Asvo har blitt verande, i tillegg har det kome fleire nye til, som Os Allmennpraksis, Os Biljard og Sportsbar, Os Sprek og Blid, Os folkebibliotek og Metro.

– Dei siste åra har vi stort sett hatt fullt belegg, med nokre korte periodar med mindre areal ledig. Eg synest også vi har ein fin samansetnad av leigetakarar.

– Korleis det blir i framtida, i Os sentrum, i Endelausmarka og i Kolskogen, er vanskeleg å spå. Men med denne store eigedomen i nordenden av Os sentrum vil vi vera førebudd om det blir duka for utviding, anten det blir i eitt trinn eller i fleire byggetrinn, seier Espen Aspenes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.