Kultur | 02. jan. 2018

Næringsverksemd - ikkje «berre» vernetiltak

Nils Georg Brekke med kommentar til Midtsiden-sak om Oselvarverkstaden.

Næringsverksemd - ikkje «berre» vernetiltak
Nils Georg Brekke heldt tale under markeringa av at Oselvarverkstaden i 2017 fylte 20 år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. jan. 2018 12:16

I desember markerte Oselvarverkstaden at det er 20 år sidan verkstaden sto ferdig.

Dagleg leiar frå start til 2016, Åsmund Lien, skreiv denne kommentaren til saka:

«Det skulle kanskje vore med noko meir på tidslina, som Erik Vangsnes nemnde i går. I 1988 var han tilsett på kulturkontoret, og skreiv eit notat om "Oselvarbygginga i går, i dag, i morgon?". Dette notatet vart drøfta på eit møte i januar 1989 mellom kulturkontoret og Os båtbyggjarlag, der mellom andre Harald Dalland og Babben Roll var med. Til utkastet til kulturminneplan, som kulturkontoret la fram tidleg på året 1990 er det med eit vedlegg om eit "oselvarvernsenter" og eitt om oselvarfestival. Ordet "verkstad" var rett nok ikkje nemnd, men det byrja før 1990 og prosjekt Vestkyst og Strandstaden Os.»

Initiativtakar, professor Nils Georg Brekke, bruker ikkje Facebook (som du treng for å logga deg på kommentarfeltet på Midtsiden), og har derfor sendt inn tilleggsinformasjon/kommentar til saka:

Fornying av båtbyggjartradisjonen i Os var eit sentralt tema i 1980-åra, etter kursa ved Hordamuseet. Oselvarbygginga som næringsverksemd, ikkje berre som musealt vernetiltak, var den idèen Prosjekt Vestkyst tok opp i 1990 i prosjektplanen for Strandstaden Os, i eit samarbeid med Os Båtbyggjarlag, om ein båtbyggjarverkstad i det historiske miljøet ved Oselva.

Prosjektet låg under Kommunaldepartementets PTD-program (Privat Tenesteytande verksemd i Distriktet), og det opna for finansieringsløysingar i eit samarbeid mellom Os kommune, Hordaland fylkeskommune og Norsk kulturråd.

Fornying av tradisjonsverksemder som tar vare på si eiga historie er grunntanken i det internasjonale Economuseumsnettverket, som Oselvarverkstaden i dag er ein del av.

Nils Georg Brekke

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.