Lokal | 01. des. 2016

Nærmar seg tett hus

Utvidinga av Kyrkjetunet, eller TUNET Kyrkje- og kultursenter som det no skal heite, går for fullt. Denne veka skal huset vera tett.

Nærmar seg tett hus
Kyrkjeverge Gerhard Hansen gler seg til at nybygget blir tett denne veka (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 01. des. 2016 15:47

I juli starta arbeidet med å rusta opp den eksisterande delen av kyrkjetunet. I haust starta grunnarbeida for den nye delen av tunet og i denne veka skal nybygget vera tett.

– Då kan vi starte med å tørka det opp og helde fram med arbeida innandørs, fortel kykjeverge Gerhard Hansen.

Supplement til Oseana

Den nye delen av tunet blir på omlag 500 kvadratmeter med ein stor foaje/vrimleområde, nytt toalettanlegg og to salar som når dei slåast saman vil ha plass til omlag 200 menneskjer.

– Der vil det også bli laga ei lita scene og vi installerer godt utstyr for lyd, lys og bilde, slik at det blir eigna til ulike kulturelle arrangement.

– Vi legg oss i eit sikte som kanskje dekkjer noko som manglar i bygda. Oseana er flott, men eigner seg gjene best for større arrangement. I Tunet vil vi no få den gamle salen til omlag 50 publikummarar og denne som kan ta opp mot 200. Dette meiner vi vil bli eit fint supplement til Oseana, seier Hansen.

Skiftar namn

Samtidig med utvidinga skiftar ein samstundes namn frå Kyrkjetunet til TUNET Kyrkje- og kultursenter.

– Vi ønskjer også gjennom namnet å nå breidt til alle som kjenner at dei vil vera del av den store breie folkekyrkja. Allereie i dag har vi 5-600 menneskjer innom tunet kvar veke på ulike aktiviteter med alt frå dåpssamtaler til konfirmasjonsopplegg og korøvingar.

– No får vi rom som også eigner seg til utleige for ulike kulturelle arrangment eller konsertar, men dei kan også nyttast til private arrangement som runde dagar, konfirmasjonar og liknande. Vi installerer eit lite anretningskjøkken i den nye delen, men legg ikkje opp til eit stort produksjonskjøkken, det blir for omfattande, forklarar Hansen.

Ferdig i februar/mars

Hovudentreprisen kosta i utgangspunktet 13 millionar pluss meirverdiavgift, men meir omfattande grunnundersøkingar gjer at Hansen reknar med at kostnaden blir mellom 14 og 15 millionar.

– I tillegg kjem utstyr og oppgradering av dei eksisterande lokala, slik at det blir ein heilheit i dette.

– Nybygget skal vera ferdig i månadsskiftet februar/mars. Då vil det så att litt arbeid utvending, slik som maling, som må takast når det ikkje er vinter, men i midten av mai skal alt vera ferdig.

– Ein ting vi gjer ferdig allereie no når vi får tett hus er uteområdet, slik at dette er fint til jul.

Lokale entreprenørar

Det er Kjell Aarvik AS som har hovudentreprisen på nybygget.

– Også på dei fleste andre områda nyttar vi lokale entreprenørar. Det gjeld taket, rørleggjar, elektrikar også vidare. Det er kun på nokre spesialfag, som lyd og bilde og ventilasjon kor vi har måtte gå ut av bygda. Agnar Lunde er arkitekten, men vi har nytta Akasia, Bergen kirkelege fellesråd sitt rådgivningsfirma, som vann anbodet, på å vera rådgivarar for oss og teikne tekniske teikningar/detaljar, avsluttar Gerhard Hansen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.