Nasjonalbåten: Oselvar

Seks oselvarar låg på fjorden for å ta imot Redningsselskapet, og over 60 personar fekk med seg den flotte overrekkinga i Oselvarnaustet fredag.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. aug. 2009 16:06

Bildeserie:

1 av 6

Både statssekretær Per Jordal, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, ordførar Terje Søviknes og varaordførar Børge Lunde tok saman med kultursjef Lisbeth Axelsen og store delar av oselvarmiljøet imot Redningsselskapet på brygga utanfor Oselvarnaustet fredag.

Les òg: Jubel i naustet

I naustet blei det både morosame dikt og talar, god mat og overrekking av blanketten som viser at oselvaren er Noregs nasjonalbåt.

Kåt på båt
Åsmund Lien, dagleg leiar ved Oselvarverkstaden og ein av initiativtakarane til å stifta Oselvarlaget, opna med det morosame diktet "Eg har ein kjærast".

Lien skreiv diktet til opninga av Oselvarnaustet. Nokre av oss har høyrt det før - men i dag var det eit minst like passande høve som tidlegare.

Del av andre vers, etter at første vers har handla om kor smekker kjærast han har, men utan å røpa at kjærasten ligg på sjø og er laga av tre:

Eg vart rein skjelven
og saftfull kåt
for aldri såg du
så praktfull båt

Historitime med Økland
Kjell Magnus Økland, som held på å skriva bok om oselvaren, tok oss så gjennom historia til oselvaren på rundt 10 minutt.

Funn på Radøy som stammar frå rundt år null viser at vestlendingane rodde for 2000 år sidan, skriftlege kjelder frå 1500-talet viser at det blei eksportert båtar frå Bjørnefjorden.Han viste også til nokre nyare, meir eksakte årstal og hendingar:

1871: Første gong det blei arrangert regatta med oselvar.
1911: Det blei set maksareal på kor store segla kunne vera i regatta.
1974: Oselvar blir nasjonal seglklasse.
1980/81: Det blir halde kurs i båtbygging.
1997: Oselvarverkstaden opnar

- Det har blitt gjort ein god jobb med å ta vare på byggeskikken, men vi må også hugsa brukaren. Vi har konkurrert med plast og motorar sidan 50-talet, konkurransar i roing og segling, og arrangement som Tysnes Rundt og Oselvarfestivalen er viktige for å gje dei unge høve til å oppleva oselvaren, sa Økland.

Ære og ansvar
Både statssekretær Per Jordal, styreleiar for Oselvarverkstaden, Atle Ove Martinussen, ordførar Terje Søviknes og blankettmottakar Nilmar Søvik frå Oselvarlaget presiserte at tittelen ikkje berre er ei stor ære, den forpliktar.

- At vi ikkje berre fekk flest stemmer, men flest som stemte på oselvar, var svært kjekt. At vi fekk prisen er også ein siger for norske båtbyggarar og kystkulturen generelt, sa Martinussen.

- Som einaste stifting som driv med bygging av nasjonalbåten har vi eit stort ansvar, og vi vil gjera vårt beste for å visa oselvaren tilliten verdig, la han til.

Morosam mottakar
Båtbyggar Nilmar Søvik, far til turboen som sikra oselvaren flest stemmer, Rune Søvik, mottok blanketten med glimt i auget.

- Kystkulturen har vore upåakta, men det sa jo statssekretæren sjølv også, så då reknar eg med at det blir gjort noko med, sa Nilmar, og hausta mykje latter.

Men det også ein god porsjon alvor i det han sa, Søvik ventar at kystkulturen får større merksemd i norsk kulturhistorie enn det den har fått til no.

Noregs nasjonal ...
Med den gjeve tittelen flyt oselvaren inn i rekka av nasjonalsymbol, som nasjonalstein, nasjonalfjell, nasjonalfugl og nasjonarett.

Sidan 1864 har vi hatt "Ja, vi elsker" som Noregs nasjonalsong. Songen blei skriven av Bjørnstjerne Bjørnson i 1959, og overtok som nasjonalsong etter "Sønner av Norge" av Henrik Hans Bjerregaard (skriven i 1819).

I 1991 kåra lyttarane i NRK Nitimen Noregs nasjonalrett. Det blei ikkje Grandiosa, men fårikål.

NRK-lyttarar kåra også Fossekallen til nasjonalfugl. Det skjedde i 1963.

I 2002 svidde ordføraren i Tysfjord kommune av 19.000 kroner for å hjelpa til med å stemma Stetind fram som Noregs nasjonalfjell.

Larvikitt er kåra til Noregs nasjonalbergart, medan også thulitt, som først blei oppdaga i Sauland i Telemark, også smykker seg med den same tittelen.

Oselvar er Noregs einaste nasjonalbåt.

Oselvar på YouTube
Under bildeserien kan du sjå film av oselvarar i seglregatta, ved runding av kryssmerket under KM for Oselvar klasse K ( 10 m²) 11. august 2007 på Bjørnefjorden. Arrangør: Bålaget Njord/Tysnes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.