Sport | 11. juni 2012

Nathalie vann heime

Nathalie Engeseth vann på heimebane då dei beste golfarane i Hordaland møttest på Bjørnefjorden i helga.

Nathalie vann heime
Nathalie Engeseth vann HordaTouren på Bjørnefjorden i helga (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 11. juni 2012 07:22

Bildeserie:

Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
Hordatouren på Bjørnefjorden (Foto: AH)
1 av 10

I strålande vêr og perfekte speleforhold møttest dei beste golfarane i Hordaland til HordaTour på Bjørnefjorden i helga.

- Det er litt tørt i fairwayane, så spelarane slit litt med at ballen sprett litt lengre enn dei reknar med, fortel turneringsleiar Geir Dalen.

Greenane blei vatna før kvar av dei to speledagane, så der sat ballen som den skulle om spelaren hadde teknikken inne.

- Det er imponerande å sjå korleis enkelte legg ballen akkurat der dei har planlagt, sjølv om dei slår frå lang avstand, seier Dalen.

Nathalie vann

Etter laurdagen låg Nathalie Engeseth frå arrangørklubben på tredjeplass seks slag bak leiaren Lisa Lied frå Fana Golfklubb og fire slag bak Cecilie Nordahl frå Bergen Golfklubb.

I søndagens finalerunde leverer Nathalie strålande spel og går dei 18 hola på 78 slag. 12 slag betre enn Lied og 5 slag betre enn Nordahl. Dermed trekte Engeseth det lengste strået og vann med eitt slag på Nordahl.

Spelte seg opp

I herreklassen låg spelarane frå Bjørnefjorden litt bak etter første dag. Alexander Heggland gjekk den første runda på 78 slag og var dermed 7 slag bak leiaren Lars Mjeldheim Sandvoll frå Fana Golfklubb.

Søndagen viste Heggland at bana på Hauge kjenner han godt og spelte dei 18 hola på 71 slag noko som tok han kraftig oppover på resultatlista og ein pallplass.

Vinnar blei junioren Markus Braadlie foran Sandvoll og Heggland. På plassane bak enda Anders Engelsen og Torstein Guttormsen, båe frå Bjørnefjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.