Natt til søndag skal vi stilla klokka
Slutt på sommartid for denne gong.
Klokka 03.00 natt til søndag skal klokka stillast tilbake til 02.00. Du vil med andre ord vera ekstra utkvilt søndag morgon.
Den ekstra timen du får kan du for eksempel bruka til å læra deg å stilla klokka i bilen.
Men det betyr ikkje at nattklubbar er opne ein time ekstra, slik som nokre skjenkestadar enkelte sesongar har trudd - klokka kan ikkje stillast før den har bikka 03, og då stenger baren, som då ikkje er lov å opna igjen same natt.
Snart slutt på ordninga med å stilla klokka?
Sommartid - for siste gong? skreiv vi då vi skrudde klokka fram i mars 2019.
Den månaden stemte Europaparlamentet over EU-kommisjonen sitt forslag om å avslutta vekslinga mellom sommartid og normaltid. Det var i forkant ei undersøking blant dei 512 millionar innbyggarane i EU.
84 % av dei cirka 4,6 millionane som svarte sa at dei ønskjer å fjerna sommartid.
Forslaget fekk fleirtall, og skulle tre i kraft frå 2021. Men saka er ikkje endeleg avgjort. Ifølgje Nationen sto ikkje saka på arbeidsprogrammet som nyleg blei lagt fram.
Det er mogleg at dette blir nedprioritert grunna koronapandemien, og at vi truleg kan rekna med sommartid minst éin sesong til, altså frå mars 2021.
Visste du dette om sommartid?
- Det heiter ikkje «sommartid og vintertid», men «sommartid og normaltid»
- Årsaka til sommartidordninga er ønskje om å nytta den lyse timen betre på nordlege og sørlege halvklode.
- Første gong Noreg hadde sommartid var i 1916
- Noreg har hatt sommartid kvart år sidan 1980
- Alle land i Europa unntatt Island og Russland har sommartid
- Den sørlege jordhalvkula har sommartid frå oktober til mars
- Les meir om sommartidordninga på Justervesenet.no og Wikipedia.org