Sport | 09. des. 2010

Natthockey på Ulvenvatnet

Det er ikkje berre på dagtid det er aktivitet på isen i Os.

Natthockey på Ulvenvatnet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. des. 2010 08:28

«Bli med, vi har lys og lyd», laud invitasjonen. På veg til Ulvenvatnet i 21-tida i går blei himmelen pepra med lysrakettar.

«No går det ikkje lang tid før naboar varslar politiet», tenkte eg, men rakettane var ikkje ishockeyspelarane sine. Forsvaret hadde øving i skogen ved vatnet og supplerte tilfeldigvis hockeyspelarane med lys.

- Vi har greit med lys uansett, til saman 3000 Watt held lenge til oss, sa Arne Veim Haugland.

Ein av medspelarane hans er medlem i Os Roklubb og hadde ordna med lån av straum. I tillegg til lys sto musikken på halv styrke i bakgrunnen.

- Det er gøy og det er god trening. Sist vi spelte heldt vi på til rundt klokka 00.30. Då var isen svart og fin, i dag måtte vi moka litt snø før vi kom i gang.

Dei 10 spelarane, fleire av dei med nyinnkjøpte skøyter, delte seg i tre lag. Første lag til tre poeng vann og vinnaren sto.

VIDEO: Sjå klipp frå dei første kampane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.