Jakt, fiske og natur | 21. mai 2026

Naturmysterium – no slår fenomenet til igjen

Eitt år etter førre observasjon, ligg det ein ny stranda breiflabb i fjøresteinane.

Naturmysterium – no slår fenomenet til igjen
Hunden Samson var på luftetur med matmor og Midtsiden-journalist Susann då dei kom over endå ein stranda breiflabb. Foto: Susann Haukeland Børnes / Midtsiden
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokatorsdag 21. mai 2026 07:08

I fjor på denne tida snubla to Midtsiden-journalistar over eit naturmysterium då dei var på jobboppdrag i Smievågen. Der låg det to breiflabb-hoer.

No slår fenomenet til igjen.

I ei anna badevik i nærleiken, Haugsnefjæra, eitt år etter førre observasjon, ligg det ein ny stranda breiflabb i fjøresteinane.

Sikkert vårteikn

Det er ikkje rapportert om liknande hendingar i andre land, men kvar vår får Havforskingsinstituttet telefonar om breiflabbobservasjonar frå norske strender.

– Det er nesten alltid store hofisk vi finn slik. Vi veit ikkje heilt kvifor dei strandar, men det skjer kvart år – særleg i mai og juni, sa forskar Kjell Nedreaas til Midtsiden i fjor.

Han er seniorhavforskar og fiskeribiolog ved Havforskingsinstituttet.

– Kanskje nokre hoer ikkje klarar å ta seg ned på gytedjupe. Kanskje dei er svekka eller urolege. Vi veit rett og slett ikkje.

IKKJE LANGE, MEN LANG BREIFLABB: Eitt av dei stranda individa frå fjor var godt over ein meter lang. Foto: Marie Kroka / Midtsiden (arkiv)
IKKJE LANGE, MEN LANG BREIFLABB: Eitt av dei stranda individa frå fjor var godt over ein meter lang. Foto: Marie Kroka / Midtsiden (arkiv)

Fleire funn

Vanlegvis gyter breiflabben på stort djup, langt frå fjøra.

Så langt våren 2026, er det rapportert inn fire breiflabbobservasjonar til Havforskingsinstituttet, frå Kristiansand i sør til Molde i nord.

Dugnad for havet tar imot observasjonar av breiflabb, og av eggband. Egga til breiflabben kjem ut i tusenvis, samla i eitt langt band. Eggbanda kan sjå ut som eit slør som blafrar med straumen, rundt ein halv meter bredt og inntil 17 meter langt. Foto: Skjermdump frå Dugnadforhavet.no

Funnet i Haugsnesfjøra er nummer fem i rekka.

Samstundes er dette den fjerde stranda breiflabben Midtsiden-redaksjonen har fotografert i Bjørnafjorden på få år.

– Det er den vanlege mann og kvinne sine auge som gir oss kunnskap om kva som skjer. Me forskarar får ikkje auge på alt sjølve. Ver på utkikk ut heile juni. Og meld frå dersom du ser ein strandingsbreiflabb – dette er verdifull informasjon for forskinga, informerte Nedreaas i fjor.

Om du kjem over stranda breiflabb, vil vi veldig gjerne vite det. Tips oss på tips@midtsiden.no.

Registrer også funnet ditt på Dugnad for havet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?