Nedbemanning hos Beerenberg
Men det er uvisst om arbeidsplassane i Os står i fare.
Dei siste vekene har det kome meldingar om nedbemanning i olje- og gassnæringa.
Det norske oljeserviceselskapet Beerenberg har skapt mange nye arbeidsplassar dei siste årene, og har rundt 1750 tilsette rundt om i verda.
I 2012 etablerte Beerenberg seg med produksjon i Os då dei leigde 5000 kvm av den 7000 kvm store Askeladden-fabrikken i Askvik.
– Her har vi i dag 75 tilsette, fortel informasjonssjef Ole Klemsdal til Midtsiden.
Kuttar 150 stillingar
Det var vest24.no/BA.no som tidlegare denne veka fortalte at selskapet vil kutta 150 stillingar.
– Vi har følgt situasjonen nøye over tid. Nedskjæringa skjer som følgje av den generelle nedgangen i olje og gassmarknaden, sa Klemsdal til BA på måndag.
– Er nokre av desse i Os?
–Vi kjører interne prosessar på dette og går ikkje ut med kvar kutta kjem, svarer Klemsdal.
Fekk ny kontrakt i august
Fabrikken i Askvik produserer isoleringsløysinga Benarx.
«Benarx er en komplett produktserie for passiv brannbeskyttelse, akustisk og termisk isolasjon. Dette er Beerenbergs egenutviklede produktserie og den tilfredsstiller de høyeste kravene olje- og gassbransjen bransjen stiller til et isoleringsprodukt» skriv Beerenberg på sine heimesider.
Ifølgje Beerenberg.com fekk selskapet ein ny kontrakt med Statoil på Mongstad i august. Kontrakten er verdt 200 millionar kroner.
Selskapet har hovudkontor på Kokstad i Bergen og avdelinger i Stavanger, Haugesund, Molde, Oslo og Atyrau i Kasakhstan.