Lokal | 18. nov. 2020

Nedbøren skaper allereie fleire problem

Flaum på Søfteland og kø på Kalandseid.

Vatn frå ei grøft i Vindalsvegen trugar ein eigedom. Brannvesenet jobbar med å driva vatnet vekk. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. nov. 2020 18:33

Bildeserie:

Vatn frå ei grøft i Vindalsvegen trugar ein eigedom. Brannvesenet jobbar med å driva vatnet vekk. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Vatn frå ei grøft i Vinddalsvegen trugar ein eigedom. Brannvesenet jobbar med å driva vatnet vekk. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

1 av 4

Det er oransje farevarsel grunna store nedbørsmengder som er venta frå i dag og gjennom natta.

Etter lett og tett regn gjennom det meste av onsdagen, auka nedbørsmengdene i 16-tida, som meldt.

Klokka 18.54 meldte 110-sentralen om lenseoppdrag i Vindalsvegen på Søfteland.

– Vatnet renn langs vegen og er nær ein eigedom. Vi legg ut ein «watergate» for å driva vatnet forbi, seier Martin Østgulen Svendsen frå Bjørnafjorden brann og redning.

Eit vitne på staden fortel til Midtsiden at vassmengdene har samla seg i ein dump nokre hundre meter ned i Vindalsvegen.

Sjå fleire bilde nedst i artikkelen (synleg for pålogga abonnentar)

Dette er foreløpig einaste oppdrag i Bjørnafjorden.

Samtidig ser vi på Google Maps si trafikkovervaking at trafikken går seint eller står i ro på E39 Osveien på Kalandseid, nær avkøyrsla til Bontveit, der vegen også tidlegare har blitt oversvømt ved store nedbørsmengder.

Det er meldt 90 mm nedbør på 12 timar frå onsdag ettermiddag.

Ifølgje 110-sentralen er brannvesenet i Bergen ute på fleire lenseoppdrag i bergensområdet, blant anna i Alver, Gulen, i Bergen og på Osterøy.

Det skal regna til klokka 5 torsdag morgon. Vinden skal auka til 10 m/s dei neste timane.

Midtsiden følgjer uvêret utover kvelden.

Er det trøbbel der du er? Send informasjon og bilde til tips@midtsiden.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.