Nedgang - men ikkje i Os
Det blei felt 2.300 færre hjort i Noreg i 2011, i forhold til 2010. Men i Os held talet på felte dyr fram med å auka.
I 2011 gjekk talet på felte hjort ned, for første gong sidan jaktåret 1989/90, skriv ssb.no.
Det blei felt nesten 36.800 hjortar i fjor, noko som er 2.300 færre enn året før. Men i Os har det auka kvart år dei 7 åra Midtsiden har oversikt over.
Talet på felte dyr i Os har nesten dobla seg sidan 2004, då det blei felt 84 dyr. I 2011 blei det felt 152 hjortar.
I 2010 blei det felt 146 dyr, i 2009 145 dyr og i 2008 109 hjortar.
Dyra som blei felt i 2011 fordeler seg sånn i kjønn og alder:
Hannkalv: 17
Hokalv: 21
Hann 1,5 år: 19
Ho 1,5 år: 15
Hann, eldre: 38
Ho, eldre: 42
Av 8 hjortevald i Os var det 7 som felte 100 prosent av løyvet, dei tre andre felte frå 64,7 til 94 prosent av løyvet.
Sånn var fangsten fordelt på vald:
Tveit: 1 (100%)
Os Vest: 94 (94%)
Øvredalen: 11 (64,7%)
Moldegård: 2 (100%)
Haugland: 8 (100%)
Kalvatræ: 2 (100%)
Gåssand: 4 (100%)
Austre Osbygda: 30 (90,9%)
Kjelde: Os og Fusa landbrukskontor/ssb.no
Sjå òg: Midtsiden samleside, jakt og fiske