Brann, redning og beredskap | elleve timar sidan

Nei, det er ikkje brann i brannstasjonen

Røyken velta ut.

Nei, det er ikkje brann i brannstasjonen
Sånn såg det ut i brannvesenet sin bod i 08-tida i dag. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. juli 2026 08:43

Torsdag i 08-tida velta det røyk ut av boden til Bjørnafjorden brann og redning. Bygget ligg tett på brannstasjonen på Moberg.

Då Midtsiden svingte inn på plassen sto varabrannsjef Erik Walden med noko som liknar kvilepuls.

– Lager du din eigen røykelaks?

– Nei, vi har øving, svarer Walden.

Brannvesenet har hatt fleire reelle oppdrag å jobba med den siste veka, med stor båtbrann torsdag for ei veke sidan og arbeid med omfattande brann i einebustad frå fredag til søndag.

– Vi må likevel øva, seier vakthavande, Åge Kausland.

– Mannskapen har opplæring og kursing, men det må drillast, og torsdag er ofte øvingsdag hos oss. No i ferien har vi dessutan nokre vikarar, og nokre i eksisterande bemanning som skal ha roller dei ikkje har hatt så ofte. Då treng vi både drilling og samkøyring.

Midtsiden var tidlegare i år med på ulike andre øvingar, frå nedbrenning i Ulven leir til redning under is på Ulvenvatnet.

Sjå sakene under.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?