Lokal | 28. nov. 2009

Nei til kai ved naust

Fylkesmannen vil ikkje ha kai eller brygge framfor naust. Søviknes er rysta.

Nei til kai ved naust
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. nov. 2009 14:59

For å hindra privatisering i strandsona har fylkesmannen sendt nye forskrifter om naustbygging til kommunane i Hordaland.

Her er nokre av forskriftene:
• Det skal ikkje byggast naust som krev sprenging, utfylling eller graving utover 50 centimeter.
• Naust skal kun ha éin etasje og eit bruksareal på maks 40 kvadratmeter.
• Det bør berre byggast opptrekk/slipp, ikkje kai, brygge eller utlegging av flytebrygge.

- Eg får granatsjokk av å lesa dette. Skal det bli ulovleg å bygga kai i Hordaland? seier Terje Søviknes (Frp) til bt.no.

Fylkesmannen er redd for at brygger skal brukast til private formål, som ein terrasse. Søviknes meiner det er tullete frykt og ser ikkje problem med at folk sit på kaiane sine dei "14 sommardagane vi har i året".

Også Tysnes-ordførar Helge Hauge (Sp) fortviler over forskriftene frå fylkesmannen.

- Det er heilt vanvittig å sjå detaljreguleringa dei driv med. Slikt hindrar at det blir attraktivt å bu på Tysnes, seier han til BT.

Er strandsona i Os for privatisert? Vil det hjelpa med færre kaiar? Har ordførarane i kystkommunane vist at dei treng nokon som passar på dei?

Kva meiner du? Logg inn for å kommentera saka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.