Geir Fossåskaret, styremedlem i MDG Bjørnafjorden. (Privat foto)
Geir Fossåskaret, styremedlem i MDG Bjørnafjorden. (Privat foto)

Nei til nei-opprop

Lesarinnlegg: Folk forstår alvoret.

Kjetil Vasby Bruarøy
21. januar 2021 - 15:59

Folk forstår alvoret, folk forstår at ei klimakrise står for døra, og folk er villig til å gjere endringar for at det grøne skiftet skal kunne gjennomførast.

Det er med overrasking eg les Midtsiden sin artikkel om osingen Nils Ove Lauvik sitt opprop Nei til forbud av nybilsalg av bensin- og dieselbiler fra 2025. Eit opprop som har opphav i at regjeringa i NTP i vil «legge til rette for at det skal lønne seg å velge nullutslipp ved kjøp av bil og legger til grunn at nye personbiler og lette varebiler skal være nullutslippskjøretøy i 2025.»

Ifølge artikkelen har 49 500 signert, då eg sjekka nokre timar seinare hadde nye tusen slutta seg til oppropet.

Det kan nesten virke som ei gladsak, over femti tusen nordmenn har skrive under eit opprop for å tvihalde på retten til å kjøpe kjøretøy som kan forureine lokalt også etter 2025, og det heile har opphav her på Os, men sanninga er vel heller at det er over femti tusen som seier nei til at framtida skal kome.

Ser vi på første deloverskrift, står det «Trur ikkje folk har forstått alvoret før no», men det er jo akkurat det som skjer.

Folk forstår alvoret, folk forstår at ei klimakrise står for døra, og folk er villig til å gjere endringar for at det grøne skiftet skal kunne gjennomførast. I september 2020 stod nullutslepsbilar for 61,5% av nybilsalet, kunne Opplysingsrådet for veitrafikken melde.

Til og med regjeringa har fått opp augo for utfordringane vi står overfor, og i den nye Klimaplanen opnar dei for at kommunar skal få høve til å opprette nullutsleppsonar der berre kjøretøy som ikkje slepp ut CO2 kan køyre.

I helga gjekk årsmøtet i Miljøpartiet de Grønne Bergen endå lengre, dei vedtok  ein resolusjon der dei vil forby fossilbilar i Bergen frå 2025, og bruk av fossile energikjelder frå 2030.

Ein radikal resolusjon, ja det er det, men det presiserer også lokallaget at dei er klar over.

– Det er eit problem når politikarar seier dei vil nå klimamåla, men ikkje kva det vil krevje, seier andrekandidat til stortingsvalet i haust Josefine Gjerde til Bergens Tidende.

Gjerde står i ein lang tradisjon, Miljøpartiet dei Grøne sin klimapolitikk har i mange samanhengar blitt skildra som radikal, men ikkje radikal nok for å handtere utfordringane vi står overfor i framtida.

Nei, vi kan ikkje redde klima aleine, men nokon må ta det første steget, nokon må gå framføre, og eg er stolt over at MDG har politikarar som tør å stå på for klima og miljø, og ikkje minst for framtida.

Geir Fossåskaret
Styremedlem Miljøpartiet dei Grøne Bjørnafjorden