Nekta å betala bot - frikjent i retten

Politiet reagerte på sikring av last, men vann ikkje fram.

Bergen tinghus. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. apr. 2021 10:32

Natt til ein søndag i november blei ein varebil med tilhengar stoppa på E39 Byvegen på Røykenes.

På tilhengaren sto ein personbil, og politiet reagerte på sikringen av lasta. Dei meinte stroppene var slitne, og påpeikte både synlege kutt og lause fibertrådar.

Vegtrafikkloven § 23 første ledd lyder slik: «Før kjøringen begynner, skal føreren forvisse seg om at kjøretøyet er i forsvarlig og forskriftsmessig stand, og at det er forsvarlig og forskriftsmessig lastet. Han skal sørge for at kjøretøyet også under bruken er i forsvarlig stand og forsvarlig lastet.»

Bilførar, ein mann i 40-åra frå Os, fekk ei bot på 7.200 kroner, men vedtok ikkje denne.

Dermed blei det opp til retten å ta stilling til om tilhengar var forsvarleg lasta.

Retten la til grunn at sikringa skal tola minst 1,0 gongar godsets vekt i køyreretning og 0,5 gongar godsets vekt sidevegs og mot køyreretninga.

Tiltalte hadde sikra lasta, altså personbilen som sto på hengaren, med stropper som har brotstyrke på 4 tonn.

Retten meinte det var tydeleg at brotstyrken var redusert, ut frå bilda politiet hadde tatt av stroppene, men så lenge brotstyrken ikkje var målt var det vanskeleg å seia kor mykje.

«Retten kan ikke se bort fra at bruddstyrken på jekkestroppene fremdeles er stor nok til at lasten var forsvarlig og forskriftsmessig sikret» skriv Bergen tingrett i dommen.

Mannen blei frikjent.

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.