Lokal | 07. juni 2020

– Neppe snakk om ulovleg jakt

Turgåar såg mannen som «skaut». – Det var ikkje ei einaste gås i nærleiken.

– Neppe snakk om ulovleg jakt
Det er bygd mange hus rundt Gåsakilen dei siste åra. Laurdag kom det melding om mogleg tjuvjakt. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 07. juni 2020 12:51

Laurdag klokka 11.15 fortalte politiet, via Twitter, om mistanke om ulovleg jakt etter and eller gås ved vatnet Gåsakilen på Søfteland.

I dag fortalte politiet i Os at det var lausna skot, og ba vedkomande ta kontakt.

– Så vidt vi veit er det ingen som har kontakta oss til no, seier ein av dei vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Men ein turgåar som gjekk på den gamle Postvegen forbi Gåsakilen har kontakta Midtsiden-redaksjonen.

– Eg var på tur med familien då vi såg ein som sto på andre sida av vatnet, fortel Henrik Tandstad Tronerud.

Han meiner det var tydeleg at vedkomande var ute for å driva opplæring og trening av ein jakthund.

– Jegeren hadde med seg ein utskytar som skaut ting ut i vatnet. Hunde apporterte (henta) det som blei skote ut.

Tronerud meiner det er små sjansar for at vedkomande i tillegg dreiv ulovleg jakt.

– Det var ikkje ei einaste gås å sjå. Om han skaut var det truleg med med raudfis (skot med krut, utan kuler), og ikkje noko for folk å klaga på.

OPPDATERT: Midtsiden har snakka med jegeren, som stadfestar at han var og trente hunden. Han seier samtidig at han ikkje hadde våpen med seg.

– Eg brukte eit utskytarapparat av merket Retrq. Det smell litt av apparatet, derfor plar eg venta til litt ut på formiddagen før eg brukar det.

Apparatet skyter flytande plastbrikker på rundt 200 gram ut i vatnet.

– Eg har budd på Søfteland i rundt 40 år, og har trent hund på same måte på same stad i årevis. Eg har heller aldri sett gjess i Gåsakilen, humrar han.

Jegeren har plan om å kontakta politiet når lensmannskontoret opnar i morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.