Lokal | 08. sep. 2016

Nero opnar vindauge og dører

VIDEO: No må familien Strønen Røttingen skru av vridarane for å ha kontroll på katten.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 08. sep. 2016 19:28

– Dørene fann han fort ut av, allereie då han var 6-7 månadar gjekk han inn og ut som det passa han, fortel Hilde Strønen Røttingen.

Innerdører og ytterdører, uansett kva veg dei svingar, Nero opnar dei og slepp seg sjølv og søstera inn og ut av huset.

– No er Nero eitt år og har funne ei løysing på låste dører, no opnar han vindauga i huset òg.

• Ein dyrisk familie? I 2014 filma Hilde si søster, Anne med familie, denne hjorten mens han spelte fotball!

Eit problem - tidleg og seint

Om morgonen vil familien halda katten inne, for elles diltar den etter yngstejenta heilt til skulen.

Hilde, ektemannen Karsten og ungane Kristoffer og Line bur på Røttingen, skulen ligg over to bruer, på Sundøy.

– Om kvelden vil vi òg halda han i hus, kjem han seg ut etter klokka 21 så vekker han oss når han prøver å opna ytterdøra på natta.

Heile huset på vidt gap

Første gong Hilde skjønte at noko måtte gjerast med den smarte og smidige katten var då ho hadde vore ein kjapp tur på butikken.

– Katten var på vaskerommet, men opna både denne døra, døra i gangen og ytterdøra, alt sto på vidt gap då eg kom heim.

– Hadde han i det minste lært seg å lukka dørene etter seg, så hadde det vore greit.

Då dei byrja å låsa dørene fann katten ut av korleis vindauga fungerer. Dei prøvde ei stund å låsa vindauga med strikk, men etter å ha studert løysinga nokre sekund slo katten vekk strikken, opna vindauget og hoppa ut.

På dagtid, når katten har lov å vera der han vil, og døra ikkje er låst, opnar han dørene og går inn og ut 10-15 gongar for dagen.

Held fram med å prøva nye ting

Hilde nektar for at ho har prøvd å læra katten desse triksa.

– Men eg blir mobba for at eg tydelegvis har ein tendens til å plukka ut dei raraste kattane. Dette er den tredje katten vi har, og den einaste som har opna dører, men den førre gjorde mykje merkeleg den òg.

No har mannen skrudd av vrideren på enkelte vindauge, men katten opnar stadig nye dører for å ta seg inn til rom med vindauge som kan opnast.

– Spesielt om morgonen når Line skal på skulen, i ein time før ho går så leitar han febrilsk rundt etter måtar å ta seg ut.

Etter at Hilde delte videoane på Facebook har det blant anna kome kommentar om at det er bra katten ikkje har fått tak i bilnøklane.

– Det siste no er at han prøver seg på terrassedøra, han hoppar opp og slår til vridaren. Han prøvde òg å sitja på handtaket og vri om låsen.

– Vi lurer på å laga ei katteluke no. Men det ser nesten ut som om han liker ei utfordring, så det spørs vel om han ville brukt den.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.