Kultur | 11. aug. 2015

Neste steg for Osfest

Kommentar: Ein fest i og for heile Os? Osfest kan, og bør, bli mykje meir.

Neste steg for Osfest
Grusbanen oste av liv under Osfest i år. Resten av Os var ikkje særleg prega av festen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. aug. 2015 06:42

Fem band fredag, fem band laurdag, nokre cruise med MS Midthordland og eit familieopplegg gjennomført og selt av Oseana - så var Osfest over.

Kunne Osfest bydd på meir, til andre tider på døgnet og på andre stadar i eller rundt Os sentrum? Heilt klart!

I år var det over 70 ulike båtar med par og familiar som tok éi eller fleire netter i Os hamn under Osfest. Mange av dei kom frå andre kommunar, nokre av dei visste ikkje ein gong at det var musikkfestival den helga. Kva skal møta gjestane frå torsdag til søndag? Kva minne skal dei sitja igjen med, utover at dei fekk høyra ein eller to band som dei liker? Korleis skal gjestane og osingane merka på heile Os at det er Osfest, på dagtid og på kveldstid.

Sett vekk frå teltet til Catten og teltet til Solsiden var det få teikn i Os på at det var Osfest - bortsett frå på sjølve festivalområdet. I sentrum var alt som før, på kyrkjeflaten var det tomt og i hamna var det verken velkomstkomité eller vertsskap.

Det er urettvist å samanlikna Osfest med Tysnesfest, men ikkje når det kjem til ramma på festivalen, alt som skjer rundt hovudscenen, lågterskeltilboda, det som er gratis og det som er billig.

Vi reknar ikkje med at to år gamle Osfest skal by på Tom Jones eller Bryan Adams. Men kor er torghandelen, litteraturforedraget, kyrkjekonserten, olabilløpet, ta sjansen, småkonsertane på dei små og spesielle scenane - det rare, det originale, det billige og det spektakulære?

Tid og tryggleik

Osfest har tryggleik, teknisk og økonomisk. Det er eit godt utgangspunkt for å sleppa kreativiteten laus.

Sjølv om dei hadde eit drygt år på seg, og godt med økonomisk støtte, blei første Osfest, festivalen i 2014, gjennomført utan særleg risiko. Festivalen gjekk omtrent i null trass tungt regnvêr og lite publikum.

Så var det tid for førebuing til årets festival, med eit utprøvd driftssystem, ein base med frivillige og minst like mange kommunale kroner på bok. Den tekniske og økonomiske tryggleiken blei brukt til å satsa på eit kvassare program. Det lønte seg, publikumstalet blei dobla og vi reknar med at arrangørane går neste festival imøte med fleire formar for auka overskot.

Tida frå august 2014 til august 2015, og nokre av pengane, kunne blitt brukt på å gjera årets Osfest større på fleire måtar. Men sjansen er ikkje spelt, arrangørane har no eit endå berre utgangspunkt for å gjera Osfest 2016 til ein fest med større omfang.

Fleire kan involvera seg

Eg reknar med at det, uansett erfaring frå året før, er mykje jobb å laga festival. Brørne Lindborg klarte saman med ein kameratgjeng å laga Bergens beste festival på Søfteland. Osfest AS-eigarane Berg-Olsen og Hylland har, saman med 300 frivillige, klart å laga ein vellykka festival i Os sentrum.

Om dei to eigarane tar ut lønn, og kor stor stillingsprosent dei i så fall bruker på å laga festival, veit eg ikkje. Eg håper likevel det er rom for å bruka litt tid og pengar også på det som ikkje er brød og mjølk, men brød og sirkus - arrangementa som det gjerne ikkje ligg så stort inntektspotensiale i, men som er med på å gjera inntrykk, å skapa gode og gjerne litt spesielle minne, arrangementa som er med på å gje gjestane litt hakeslepp og tenkja «eg er glad for at eg ikkje gjekk glipp av Osfest i år», uansett kven som sto på scenen.

Kva ville vore naturleg eller morosamt å innlemma i Osfest? Kanskje noko av dette?

  • Torghandel! Sjølv om det er ferietid for mange bør nokre av medlemmane i Os Sentrumsforening klara å få noko ut av desse dagane, om ikkje anna enn å spleisa på eit telt og kjøra sommarsal frå eit utval av butikkar.
  • Tivoli, hoppeslott, gokart eller liknande.
  • Konsert på fleire scenar, som Lysøen, bunkersen til Solstrand eller på ei flytebrygge midt i Os hamn?
  • Noko sporty. Oppvising og test i slakkline, triksekonkurranse med fotball, kappsvømming opp delar av Oselvo (eller rafting motsett veg) eller oppvising i dødsing av NM-deltakar Arne Veim Haugland, frå den nye liften til Os brannvesen.

Å laga festen større er nok ikkje berre opp til duoen Berg-Olsen og Hylland. Men dei er leiarane, og har i oppgåve å invitera andre inn, å bygga relasjonar med andre som har noko å koma med, å sortera idear og å delegera oppgåver. Kanskje har også styret i Osfest AS rom for fleire medlemmar. Kanskje Osfest kunne vore noko som endå fleire tente pengar på, frå idrettslag til bedrifter.

Anten det er interne krefter, frivillige, andre lag og organisasjonar - eller eksterne, så ville det ha passa Osfest bra med eit kraftig utvida program, å gå frå festival til folkefest. Det er over 11 månadar til neste Osfest.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.