Lokal | 15. sep. 2019

Nesten 200 utan straum

Eit velta tre skal vera årsaka til straumbrot i Os aust.

Nesten 200 utan straum
BKK Nett er ute for å fjerna tre som har gått over linjene i Borgavegen. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. sep. 2019 13:29

194 bustadar aust for Os sentrum er utan straum.

Borgavegen og Hjelle er råka, men òg innover i Hegglandsdalen skal folk vera utan straum.

– Årsaka er tre som er velta over linjene, skriv BKK Nett på sine heimesider.

Skaden er venta å bli utbetra innan klokka 18 i ettermiddag.

Det har regna tett i Os sidan laurdag midt på dagen, noko som skapte flaum over fylkesvegen i Nordstrøno laurdag kveld.

Samtidig har det blese liten kuling frå vest.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.