Sport | 18. juli 2010

Nesten halvvegs

Bjørn Tore og Erik har padla nesten 50 av 100 mil, og fortel om bjørnespor, møte med moskus, godt fiske og plagsam mygg.

Nesten halvvegs
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. juli 2010 16:28

I dag er det to veker sidan Eriksen og Walden starta den 100 mil lange padleturen nord i Canada. 35 dagar er sett av og dei spreke osingane ligg, trass i litt sein start, godt an til å nå målet til planlagt tid.

- Dårleg vêr gjorde at piloten vår ikkje ville fly oss til Lynx Lake før etter eit par dagar, så vi starta sundag for to veker sidan.

- I mellomtida skulle vi venta i småbyen Yellowknife, men han tok oss med til sitt eige lite landstykke, der han hadde bygd opp ei tømmerkoie vi overnatta i fram til padlestart, fortel Erik Walden på satellittelefon med Midtsiden.

Les òg:
100 mil med padleferie
Fin flyt gjennom Canada

Fem meter frå moskus
Padlarane er no inne i naturreservoaret Thelon Game Sanctuary, som har eit rikt dyreliv.

- Vi har sett hvithodeørn, gjess og jerv. Vi har også kome ganske tett på moskus, den eine gongen padla vi forbi ein stor okse som låg ved elvebreidda.

Blir spist opp
Møte med jerv og synet av bjørnespor er ikkje det som plagar padlarane mest.

- Den første veka hadde vi kulde og motvind. Så kom plutseleg varmen, den siste veka har vi hatt strålande sol og mellom 25 og 30 gradar.

Bakdelen med varmen er den enorme mengden med mygg som dukka opp.

- Vi er fulle av stikk og må padla med jakke, langbukse og myggnett. Om kveldane må vi rigga oss til med sluse og sløkking av lys når vi skal inn i teltet. Så er det til å drepa all myggen vi ser før vi tar natt.

- No ønskjer vi oss kaldare vêr og litt nedbør.

Godt fiske - stor natur
Bortsett frå myggen, og litt skader på utstyret under flytransporten, med rift i sekkar og liknande, er Bjørn Tore og Erik nøgd med dei to første vekene på elva Thelon. Landskapet er som i eit eventyr, variert og storslått.

- Det er bra vasstand, så det er berre tre plassar vi har måtta ta kanoen på land for å gå. Den eine plassen måtte vi bera utstyret fem kilometer, i tre omgangar for å få alt med, det var litt slit.

Med havregraut til frukost, ris til lunsj og fisk til middag kjem dei to truleg heim igjen nokre kilo lettare.

- Men det er godt fiske, og utstyret frå Abu fungerer bra. Vi har fått mange laks på rundt fem kilo, den tyngste var 6,5 kg.

- Dei dagane vi ikkje får fisk så blir det ris til middag også, eventuelt ein Real Turmat, som vi elles unnar oss om laurdagane saman med litt Jägermeister.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.