Lokal | 06. mai 2019

Nestleiar - med lokal base

– Nestleiarvervet kjem ikkje i konflikt med mitt lokale engasjement. Snarare tvert imot.

Nestleiar - med lokal base
Terje Søviknes saman med nestleiar Sylvi Listhaug og leiar Siv Jensen på landsmøtet i helga. (Foto: Frp)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. mai 2019 07:32

Søndag blei Terje Søviknes, 20 år etter førre gong og 18 år etter at han trekte seg, valt til andre nestleiar i Frp.

Han blei valt utan motkandidat.

– Vi visste ikkje før laurdag ettermiddag at Ketil Solvik Olsen blir verande i USA, og derfor trekte seg, seier Terje Søviknes til Midtsiden.

Det blei ikkje så spennande val i går, men telefonen han fekk 11. april var spennande. Og kort.

– Eg svarte at eg skulle tenkja på det, og så la eg på. Vi sat heime, eg, Anne og ungane, og måtte gå ein runde med dei før eg kunne svara.

Han hadde nett fått beskjed av Frank Sve, leiar i valkomiteen, om at dei ønskte han inn som kandidat til å bli andre nestleiar.

Sentralt ønskje om lokalt utgangspunkt

Søviknes seier at vervet ikkje hindrar han i å halda fram med lokalpolitikk i Os, Hordaland og komande Bjørnafjorden og Vestland.

– Snarare tvert imot! Partiet ønskjer at ein av oss nestleiarar skal ha utgangspunkt i ein lokal base, ein som driv med kommune- og fylkespolitikk til dagen, og som kan vera med å bygga organisasjon nedanfrå og opp.

– Leiinga i partiet har brukt mykje tid på regjeringsarbeid i seks år no, og det er nok litt å henta på å setja av nokre ressursar på reint organisasjonsarbeid.

– Sjølv med lokal base vil vel nytt verv krevja tid av deg, i ei travel tid med val og kommunesamanslåing?

– Ja, men eg sat i sentralstyret frå før, så forskjellen blir ikkje så stor. Om eg parallelt med lokal valkamp må ta nokre riksdekkande debatta, så treng ikkje det vera ei ulempe, meiner Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.