Kultur | 16. apr. 2015

– Nett so' på film

VIDEO: Os Sentrumsforening la lista høgt då dei inviterte til nytt moteshow. Gløym Paris og Milano, på onsdag var det Os som var plassen.

Kari M. Lyssandtorsdag 16. apr. 2015 20:02

Bildeserie:

Catwalken var 12 meter lang. (Foto: KML)
Catwalken var 12 meter lang. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Konferansier Anne Marie Aarøen Vangsnes. Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Konferansier Anne Marie Aarøen Vangsnes. Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Klesdesigner Viktoria Aksnes. Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Klesdesigner Viktoria Aksnes. Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
Hårete Moteshow i Oseana. (Foto: KML)
1 av 17

Ein 12 meter lang catwalk, VIP-seter, underhaldning og gåvedryss var noko av det som møtte dei over 400 osingane som hadde tatt turen til Oseana onsdag kveld og på Os sentrumsforening sitt Hårete Moteshow.

– Utgangspunktet vårt denne gongen var at vi skulle gjera det «nett som på film», fortel arrangør og styremedlem i Os Sentrumsforening, Laila Moberg.

– Frå Paris, Milano, New York til Os og Oseana, kvifor ikkje?

Og Moberg er veldig nøgd med arrangementet som dei har brukt fleire månader på å førebu.

– Eg er litt forundra over at vi klarer å få det så bra til, det var ein utrulig kjekk kveld, seier ho med eit stort smil.

Konferansieren fekk latteren i gang

Billettane til showet blei riven vekk og eit ekstrashow blei annonsert berre dagar før det brakte laust.

Sjølv om det var kort varsel på siste show klarte dei å fylla Oseana på første, og siste showet var det over halvfullt.

Som konferansier denne kvelden hadde Moberg fått tak i Os & Fusaposten-journalist Anne Marie Aarøen Vangsnes, som baud på seg sjølv med mykje humor og kjappe replikkar.

Ho hadde stor tur på si rolle som modell og skulle ein ta bilder av ho og legga dei på nettet så kunne dei merkast med hashtaggen #trendikon.

Og som alle andre konferansierar på store show så hadde ho eit respektabelt antall klesskift. Både sengeteppe brukt som alpakka-neglisjé og Os og Fusaposten-klesdesign anno 1989 var blant kreasjonane ho bar på scenen.

– Anne Marie var prikken over i-en denne kvelden, ho er berre heilt fabelaktig, fortel Moberg.

Song, dans og designarbesøk

Tidlegare moteshow har hovudfokuset vore klesmote. Denne gongen ville dei endra fokuset litt og la frisørane i Os få visa fram det dei er gode på.

På scenen kunne ein mellom anna få oppleva freshe hårfargar, rocka frisyrer, brudeoppsett og modellane var kledd frå topp til tå med klær og tilbehør frå sentrumsbutikkane.

Som ein bonus hadde sentrumsforeningen invitert to av medlemmane frå dansegruppa MixMaster Cru, Nornekoret og som ei ekstra overrasking fekk dei møta klesdesignar og osing Viktoria Aksnes, syster til Aurora Aksnes.

Ho fortalte om si karriere og planane vidare og fekk vist fram nokre av kreasjonane sine, blant anna ei kåpe som fekk lengselsfulle blikk frå salen.

– Får svulmehjarta

Etter eit travelt program med over 80 involverte og 14 sentrumsbedriftar så prøver Moberg no å landa igjen.

– Eg har fått heilt svulmehjarta av heile kvelden.

– Det er viktig at vi som arbeider i sentrum står saman og gjer kjekke ting i lag, det gjer at vi blir meir samansveisa.

– Tenk å få vera med så flotte folk og ha det så gøy, i verdas beste bygd. Eg er utruleg takksam.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.