Lokal | 14. feb. 2019

Netto driftsresultat: 105,8 millionar kroner

Os kommune leverer betre enn det Staten ventar - for sjuande år på rad.

Netto driftsresultat: 105,8 millionar kroner
Ordførar, rådmann og økonomisjef kan gle seg over nok eit år med solid pluss for Os kommune. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. feb. 2019 15:12

Økonomisjef i Os kommune, Ingrid Karin Kaalaas, fortel om nok eit år med mindreforbruk, populært omsett til «overskot», i Os kommune.

Driftsrekneskapen for Os kommune viser eit rekneskapsmessig overskot på 46,9 millionar kroner for 2018.

– Netto driftsresultat er på 105,8 millionar kroner, noko som tilsvarer ein resultatgrad på 6,49 prosent, fortel Kaalaas.

Staten si forventning til kommunane er ein resultatgrad på 1,75 %.

– Os kommune har med årets resultat levert resultatgrad høgare enn Staten sine forventingar for sjuande år på rad. Dette styrkjer Os kommune sin soliditet og økonomiske handlefridom ved overgangen til Bjørnafjorden kommune. Dette kjem godt med, seier ordførar Terje Søviknes.

– Dette kan heile den kommunale organisasjonen væra særs godt nøgd med. Tenesteiningane leverer jamt over plusstal, og det er all grunn til å gje ros til alle medarbeidarar for ein framifrå innsats i 2018.

Pluss på alle område

Det gode resultatet skuldast i første rekke midlar frå premiefondet i KLP og Havbruksfondet, skatteutjamningsmidlar og lågare utgifter til pensjon.

Alle tenesteområda leverer resultat i pluss.

Det er gjort rekneskapsmessige avsetningar på 155,4 millionar kroner, men samtidig brukt 96,5 millionar av tidlegare års avsettingar.

For ordens skuld gjer kommunen merksam på at rekneskapen ikkje er revidert. Os kommunestyre vil komma attende med disponering av overskotet etter at rekneskapen er revidert og godkjend.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.