Sport | 25. okt. 2009

Ni medaljar i nordisk

Seks deltakarar frå Os Håndbak Klubb tok til saman ni medaljar i nordisk meisterskap i helga.

Ni medaljar i nordisk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. okt. 2009 06:47

- Det var eit bra arrangement med mange deltakarar. Svenskane tok det meste av medaljar, men vi er nøgde med å koma på pallen i om lag alle klassane vi deltok i, seier Tore Matre på vegne av seg sjølv og dei fem andre deltakarane frå Os.

Årets nordiske meisterskap i handbak blei arrangert i den svenske byen Eskilstuna. Osingane reiser sundag heim med 1 gull, 5 sølv, 3 bronse og fleire 4. og 5. plassar.

Nesten på pallen
Martin Bolseth deltok i både junior og senior. I +80 kg for junior fekk han 4. plass i høgre arm.

Asle Kvamsdal deltok i -90 kg senior, der han tok ein fin 5. plass i venstre.

4 sølv til Hanne Lise
Hanne Lise Kvamsdal var einaste jente i reisefølgjet frå Os.

Ho fekk ikkje så mange å kjempa mot i -50 kilosklassen, så med nokre sigrar kunne ho ta med seg heile 4 sølvmedaljar heim (venstre og høgre, junior og senior)

Nær gullet
Ronny Bruarøy Risøen har gått opp nokre vektklassar, men det hindra han ikkje frå å ta medalje. I senior -110 kg vann han bronse med både høgre og venstre arm.

Tore Matre stilte i -90 kg senior, den same klassen som Kvamsdal fekk 5. plass i. Tore har vore skadd i høgrearmen i lang tid, derfor var han overraska over at han klarte 4. plass med den armen. I klassen for venstre gjekk det endå betre.

- Det blei sølv. Litt irriterande å vera så nær gull, men eg er sjølvsagt nøgd med andreplassen, seier Tore.

Forsvarte tittelen
Frode Veim Haugland, som tok gull i 2008, er framleis i form. I senior -80 kg blei det bronse med venstre arm, i klassen for høgre forsvarte han tittelen.

- Han fekk ein tøff finale, men glimta til med nok eit gull, fortel Matre.

Elvestad var med
I september skreiv vi om Henrik Elvestad frå Golden Goal på TV 2, som ville ha coaching av handbakveteranen Arne Thuen under stemnet, som innslag i det populære fredagsprogrammet.

- Eg skadde meg i hofta tidlegare denne veka, og fekk dessverre ikkje vera med, seier Arne Thuen til Midtsiden.no.

Frode Veim Haugland steppa inn, og hadde med seg Elvestad laurdag formiddag.

- Det var morosamt, seier Frode, om innspelinga til det som skal koma på skjermen i desember.

- Elvestad er ein morosam og hyggeleg fyr. Det verka som om han har sans for sporten vår, men eg trur ikkje han er bygd for akkurat dette, seier Tore Matre.



Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.