Kultur | 10. mai 2017

Ni timar med festival for ungdom

U-Fest: Denne gjengen byr på Kløver & Skarre R, Lisky og fem andre band på éin dag.

Ni timar med festival for ungdom
Denne gjengen av unge arrangørar skal laga festival for ungdom i Oseana laurdag 20. mai. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. mai 2017 09:32

– Vi ønskjer å gjera meir saman med, og for, ungdomen. I lag med Os kommune og Os Rockeklubb lager vi ungdomsfest i mai, med Kløver og Skarre R, Lisky, Raylee og fleire andre band, sa Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg då han i desember presenterte vårprogrammet.

U-Fest er éi av to nysatsingar hos Oseana i år (lesestafett er den andre), og ungdom står for mesteparten av arrangementsjobben.

– Vi er rundt 20 ungdomar som er med i arrangementskomiteen. Eg blei invitert med som U-Fest-arrangør av ein venn og skal vera i gruppa som har ansvar for å ta oss av artistane, fortel Andrea Mortensen Søfteland.

Ho har tidlegare vore med å arrangera Ung Lørdag (ungdomsklubben i Os), som frivillig med artistpleie under Tysnesfest i fjor, og som bakkemannskap på UKM i Os i år.

Desse banda kjem til U-Fest 2017

Det blei tidleg klart at Kløver & Skarre R, Lisky og Raylee var booka til U-Fest. Raylee måtte melda avbod, men fleire andre band og artistar har kome til:

7 Days in Alaska, Vanja V, Martine C, Simen Moesgård, Andrea og Mathias, Sleepwalkers og Join Us.

– Eg synest vi har fått eit veldig variert og godt program, frå rap og pop til rock og kor.

– Vi er òg nøgde med å ha fått tidlegare Søfteland Rock N LOL-arrangør Andreas Lindborg, som konferansier.

Full musikk frå klokka 14 til 22

Alle er velkomne, men arrangementet er mynta på ungdom frå 14 til 20 år. Foajeen opnar klokka 13, mens første band går på scenen klokka 14. Festivalen held fram med musikk utover ettermiddagen og kvelden.

– Eg håper vi treff både med programmet og gjennomføringa, at mange vil koma for å vrimla, dansa og høyra på god musikk, seier Andrea.

Etter påske har promoteringsarbeidet gått for fullt. Måndag var det møte i arbeidsgruppa, tysdag var dei på Nore Neset ungdomsskule og informerte om festivalen.

Blir det ein vellykka dag laurdag 20. mai kan det bli ein tradisjon med ungdomsfestival i kulturhuset.

Lokale og tilreisande musikarar

Simen Moesgård, Sleepwalkers og koret JoinUs er lokale frå Os og Fusa.

Dette skriv U-Fest om dei tilreisande artistane:

Martine C: Martine Seim Christensen (15) begynte på musikkverkstedet Lipstick Music i høst. Nå har hun blitt spilt på radio og drømmer om å bli artist. Sangen hennes "Someone" har allerede blitt spilt over 3.500 ganger på Spotify. Låten er komponert av Myrna Braza og Kjartan Ericsson på studioprosjekt på NyKrohnborg UNG, tekst og melodi av Martine Seim Christensen.

7 Days In Alaska kommer fra innspilling av album i USA til konserter og nye utgivelser, nå er de klare for Os!

17 år gamle Vanja Vatle står bak artistnavnet VANJA V, og lager frisk pop i et energisk EDM-landskap. Gjennom fengende melodier formidler hun ærlige tekster på hjemdialekten. Singelen hennes «Sveve Forbi» er en sterk pop-låt som skaper høye forventninger til hennes debut-EP som er ventet å komme etter sommeren.

Andreas Olsen, også kjent under artistnavnet Lisky, er en norsk rapper, sanger og låtskriver fra Bergen. Han begynte å lage låter i 2010 og har gjort seg bemerket av mange for sin allsidige stil. Fra basstunge trap/club låter, og over til myke, catchy R&B-melodilinjer gjør at han vekker interesse hos folk. 2016 er året Lisky Official debuterte for fullt. Nå med 4 singler under beltet i låter som "Gullgraver", "Stikk Av" og den NRK mP3 listede clublåten "En Til" som gikk i hyppig rotasjon på B-listen til kanalen og tok 14. plass på NRK mP3´s topp 30 og sist nyttårslåten "Fyrverkeri (Turn Up) er han nå EP aktuell med debutprosjektet "Fenix" som ble lansert i februar 2017.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.