Nico & Vinz avsluttar Osfest-fredagen (pressefoto)
Nico & Vinz avsluttar Osfest-fredagen (pressefoto)

Nico & Vinz til Osfest

Osfest har skote gullfuglen. Direkte frå Los Angeles kjem Nico & Vinz for å avslutta fredagskvelden.

Andris Hamre
25. juli 2017 - 10:00

Planen var at Madcon skulle avslutta fredagen på Osfest 11. og 12. august. Då dei av private grunner måtte utsetta si opptreden til 2018 opna det seg ein moglegheit festivalsjef Tor Egil Hylland knapt hadde drøymd om.

– Det var synd at Madcon måtte utsetta. Dei hadde gledd seg til å koma til Os, så no er dei klare til festivalen i 2018 i staden. Erstattinga vi har fått inn med Nico & Vinz kan vel ikkje akkurat seiast å vera noko dårlegare.

– Nico & Vinz går på scenen ved midnatt fredag kveld, seier Hylland.

Kjem med forrykande show

Hylland lover eit forrykande show og ei hitparade når dei to amerikabusatte Oslo-gutane kjem til grusplassen på Osøyro.

– Dei kjem direkte frå LA til grusplassen og det kjem til å bli heilt rått. Kravspekken vi har fått frå dei tydar så abolutt på at vi skal få testa storskjermane våre til det fulle, ler Hylland.

Spelte for Obama

Nico & Vinz slo for alvor igjennom i 2014 med superhiten «Am I Wrong» som brakte dei inn på Topp ti i over 20 land og på fjerde plass på Billboard Top 100 i USA. Berre Aha-klassikaren «Take on Me» har nådd høgre på den amerikanske hit-lista.

– På eit tidspunkt blei alt litt generisk. Vårt mål har alltid vore å koma ut av Noreg også, og plutseleg slår «Am I Wrong» an over absolutt heile verda. Eg trur ikkje vi rakk å la det synke inn, ikkje før no i ettertid. Alt skjedde så fort. Vi har spelt for president Obama, dei største talkshowa der borte og... vi fekk ikkje tid til å tenke på kva som var det neste skrittet å gå musikalsk, sa Nico i eit nyleg intervju med VG.

Overraska med ny låt

Etter monsterlåta har nemleg dei to gutane slitt med å følgje opp sukessen, sjølv om «That's how you know» som kom i 2015 gjorde bra suksess her heime. Mange har nok tenkt at dei ikkje ville klara å følgje opp, men etter eit år i studio med disiplinert arbeid slapp dei på VG-lista på Rådhusplassen i Oslo i juni «Intrigued», ei låt som av VG får terningkast 5 og som viser at gutane er tilbake. Låta ser du i videoen over.

– Ei periode hamna vi litt i limbo. Vi måtte verkeleg setta oss ned og seie; No, Nico, no må vi laga musikken vi elsker igjen, den musikken som kjem får hjarte, fortel Vinz i same intervju. Resultatet blei kjærleikssongen «Intrigued».

Desse speler på Osfest

Årets program for Osfest ser slik ut:

Fredag 11. august

  • Testpilot
  • Kream
  • Unge Ferrari
  • Jesper Jenset
  • Julie Bergan
  • Nico & Vinz

Lørdag 12. august

  • Majorleap
  • Mighty Magnolias
  • Blest
  • Postgirobygget
  • Erik og Kriss
  • TNT

Midtsiden samleside: Alt om Osfest

Les meir om

Kultur Festivalar Osfest