Sport | 15. nov. 2010

Nielsen i ny klubb

Tore Nielsen takka nei til å halda fram med Os 2, men kan som hovudtrenar for ny klubb bli å sjå på Kuventræ neste sesong.

Nielsen i ny klubb
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. nov. 2010 21:09

Avtroppa hovudtrenar Frank Hellevik har blitt erstatta av Øyvind Steffensen. Assistenttrenar Tore Nielsen, som har hatt hovudansvar for Os 2 dei to åra med Hellevik i leiinga, skal ha fått tilbod om å leia andrelaget vidare, men i staden har han takka ja til å trena eit lag som var Os 2 sin motstandar i år.

- Eg fekk tilbod om å bli hovudtrenar for Bergen Nord og har takka ja. Det er eit stykke å reisa til Salhus, men det å bli hovudtrenar igjen lokka, seier søftelendingen.

Han fortel at han har eit godt inntrykk av klubben og deira satsing på unge spelarar.

- Det er ein frisk gjeng, det såg eg dei gongane vi møtte dei i år.

Kan bli Os 2-motstandar neste år
Os 2 hadde halde seg i 3. divisjon om ikkje A-laget rykte ned, Bergen Nord var eit av laga som hamna under topp 6, dermed blei det nedrykk til 4. divisjon på dei òg.

- Vi kan hamna i same pulje neste år, det ville vore kjekt det. Eg kjem uansett til å halda eit auge med Os vidare.

Vemodig
Nielsen og Hellevik leia Os til dobbelt opprykk første år som trenarar på Kuventræ. Årets sesong blei ikkje så verst for Os 2, som hamna på 6. plass første sesong i 3. divisjon.

- Det var vemodig å takka for meg, eg har hatt ei veldig fin tid på Os, både med Frank og med spelarane.

- Det har vore spesielt kjekt å sjå så mange ungdomar ta steget inn i seniorfotball og gjera det så godt, seier Tore og ønskjer Os lykke til med 2011-sesongen.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.