Nielsen i ny trenarjobb
Tore Nielsen, som trente A-laget til Os i år, skal trena eit ungt satsingslag og eit 5. divisjonslag i 2014.


Tore Nielsen var assistenttrenar for Os då A-laget rykte opp til 2. divisjon med Frank Hellevik i 2009.
I 2013, etter å ha leia Bergen Nord til opprykk, kom han tilbake som hovudtrenar, men i haust blei det klart at styret ville satsa på ein ny hovudtrenar i ei nyoppretta 100 prosent stilling som også inkluderer ei rolle som sportsleg ansvarleg.
– Os har halde dialogen med meg og sagt at det kunne bli aktuelt med ei anna trenarrolle for meg.
– Men no har eg takka nei til fleire tilbod, frå 3. divisjon og ned, og følte det var på tide å slå til på eitt av dei.
Går til Lysekloster
Ein av klubbane Nielsen har hatt dialog med den siste tida er eit anna lag frå Os kommune, Lysekloster.
– Eg har slått til på eit tilbod om å bli spelarutviklar med hovudansvar for Lysekloster sitt andrelag og eit ungt satsingslag i klubben.
Dagleg leiar i Lysekloster IL, Ørjan Sandal, seier han er veldig nøgd med å ha fått Nielsen med på laget.
– Eg synest klubben er spennande og har eit godt inntrykk av organiseringa og målsetnadane deira, seier Tore.
– Samtidig vil eg seia at eg ønskjer Os lykke til. Eg håper dei snart får ein god trenar på plass, det fortener dei mange fine spelarane i klubben.
Les òg: Preben og Ramo til Lysekloster
Talentfulle 12-åringar
Lysekloster har verken juniorlag eller gutelag, men 2000- og 2001-laget består av fleire sterke spelarar, og er av klubben definert som eit satsingslag.
– Dei kom på 4. plass i 1. divisjon i år og vann alle kampane sine i 9-ar i Lagunen Fotballfest, fortel dagleg leiar i Lysekloster IL, Ørjan Sandal.
12- og 13-åringane i klubben speler i gutar 14 neste år. Året etter kan dei som har kome lengst få debuten sin på Lysekloster 2.
– Også i 2014 får nokre av dei smaken på seniorfotball, men berre på trening. Vi starta tidleg med dei av våre som er juniorar i dag, og det har vi gjort med suksess, seier Sandal.